Opplev førjulstida i FjordKysten og Sunnfjord

Samle vener, kollegaer eller familien til ein magisk førjulsdag i FjordKysten og Sunnfjord-regionen. Gå på julemarknader, konsertar eller berre nyt den vakre førjulstida saman.

© FjordKysten og Sunnfjord

Finn minnerike førjulsopplevingar

Opplev ei julepynta stove saman med Musea i Sogn og Fjordane, nyt ein bugnende Forlaavelsesbuffét hos Leonards Forlaavelse og reis på ein stemningsfull og avslappande middag på Quality Hotel Florø. I førjulstida finn du fleire magiske arrangement som du kan delta på:

Lokale julegåvetips 🎁💝

Når du handlar lokalt bidreg du også til eit levande lokalsamfunn. Ønskjer du å gje lokale julegåver til dei du er glad i? Her kjem nokre gode tips.

Gåvekort på gode smaksopplevingar

Sliter du med å finne gåva til den som har alt? Kva med å gje eit gåvekort på gode smaksopplevingar i Restaurant Bryggekanten hos Quality Hotel Florø? Her finn du kokka som er lidenskapeleg opptekne av god mat og drikke, og som ikkje tar nokon snarvegar i jakta på kulinariske skattar

For informasjon om gåvekortet, kontakt q.floro@choice.no

detaljebilde av matrett som er plassert på eit fat. omgivelsenene rundt er eit bord i mørk tre
© FjordKysten og Sunnfjord

Gåve til den kulturglade

Ei meiningsfull gåve til deg sjølv eller nokon du er glad i er eit årskort hos Musea i Sogn og Fjordane. Opplev kunstutstillingar, friluftsmuseum, kystkultur, steinhoggarindustri, reiseliv og mykje meir så mange gonger du vil.

Dette får du:

  • Besøke alle dei tretten musea våre så ofte du vil.
  • Inngang til store arrangement som familiedagar, sankthansfeiring, sesongopningar og førjulsarrangement.
  • Inngang på utstillingsopningar, omvisingar og familieverkstader.
ei jente står og ser opp i taket. ho står i eit gammalt bygg med tregulv og trevegger. på veggen heng det kunst. det er to vindauge med kvite gardiner foran. ved siden av jenta står det ein benk og eit bord. på bordet ligg ei duk i fargen blå, raud og kvit. på bordet står det tre skåler.
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord

Gode minner får vi aldri nok av! Kva med å gje eit gåvekort på ei oppleving? Her inviterer vi til imponerande natur- og kulturopplevingar med stor spennvidde slik at du er garantert å finne noko for ein kvar.

Utforsk øyane i vest

Overrask mor, far eller besteforeldre med ein uforgløymeleg tur blant dei vestligaste øyane i Norge. Om sommaren kan du blant anna vere med den populære postbåten på øyhopping mellom Solund og Bulandet, og du kan vandre i eit historisk sus og ein fasinerande natur på øya Utvær ytst i havgapet. Her finn du også Norges vestlegaste fyr som er hovudmotivet på Norges 50-kroneseddel.