Hopp til hovedinnhold
Bestill

Utvær er Norges vestlegaste øygruppe med det vestlegaste fyret i landet. Staden har både eit historisk sus og ein fasinerande natur heilt ytst i havgapet. Utsikta frå toppen av fyret er fantastisk! Kvar laurdag frå slutten av juni til midten av august kan du bli med på fyrsafari. 

Kva er Fyrsafari til Utvær

På Utvær går du Nordsjøløypa rundt øya saman med ein guide. Undervegs kan du sjå tufter etter eit kapell som vart flytta frå Utvær i 1718, og merke etter sliping av sverd. Stien er ca. 1,5 km og du vil stort sett gå i ulendt terreng. Framme ved Utvær fyr kan dei som vil gå opp i fyret for å nyte den fantastiske utsikta! Kvar laurdag frå slutten av juni til midten av august kan du bli med på fyrsafari frå til Utvær.

Viktig å ta med seg til Utvær

Hugs gode sko og ei vind- og vanntett jakke. Ta gjerne med mat og drikke. Vêret kan skifte brått ute i havgapet så det er anbefalt å ha med varme klede i sekken.

Om turen

Utvær er Norges vestlegaste øygruppe med det vestlegaste fyret i landet. Staden har både eit historisk sus og ein fasinerande natur heilt ytst i havgapet. Utsikta frå toppen av fyret er fantastisk! Kvar laurdag frå slutten av juni til midten av august kan du bli med på fyrsafari.

Turen startar med ein flott båttur gjennom øyar, holmar og skjer ytterst i Sognesjøen. Etter eit stopp på Nåra i Ytre Sula, vil båten fortsette å gå gjennom tronge sund og øysamfunn før den tek deg med ut til Utvær, ytterst i havgapet. Båtførar guider lett undervegs.

På Utvær går du Nordsjøløypa rundt øya saman med ein guide. Undervegs kan du sjå tufter etter eit kapell som vart flytta frå Utvær i 1718, og merke etter sliping av sverd. Stien er ca. 1,5 km og du vil stort sett gå i ulendt terreng. Framme ved Utvær fyr kan dei som vil gå opp i fyret for å nyte den fantastiske utsikta!

Kvar laurdag i perioden 27. juni - 8. august kan du vere med på fyrsafari frå Eivindvik, Sollibotn, Skjerjehamn og Hardbakke

Turen har følgande avgangar frå Gulen med båten Solundir

Kl. 0915 Avgang Eivindvik

Kl. 0932 Avgang Sollibotn (Båten korresponderer med hurtigbåten frå Bergen til Sogn)

Kl. 0945 Avgang Skjerjehamn

Kl. 1000 Ankomst Nåra

Kl. 1050 Avgang Nåra (Her vert da båtbytte for reisande frå Gulen)

Kl. 1150 Ankomst Utvær

Kl. 1420 Avgang Utvær

Kl. 1500 Ankomst Nåra

Kl. 1610 Avgang Nåra (Her vert da båtbytte for reisande til Gulen)

Kl. 1630 Ankomst Skjerjehamn

Kl. 1645 Ankomst Eivindvik (Båten korresponderer med hurtigbåten frå Sogn til Bergen, med avgang Sollibotn 19.05)

Det er også mogleg å gå av på Skjerjehamn på returen. Her kan du ete ein god middag før turen går vidare mot Bergen. OBS! Skjerjehamn er eit stjernestopp*. Du må difor ta kontakt med fartøyet om at du ønskjer å bli henta på Skjerjehamn. Kontaktinformasjon finn du her.

Turen har følgande avgangar frå Hardbakke til Utvær

Kl. 1030 Avgang Hardbakke (Båten korresponderer med hurtigbåten frå Selje, og med bussen frå Krakhella)

Kl. 1050 Avgang Nåra

Kl. 1150 Ankomst Utvær

Kl. 1420 Avgang Utvær

Kl. 1500 Ankomst Nåra

Kl. 1520 Ankomst Hardbakke (Båten korresponderer med bussen frå Hardbakke til Krakhella, og med hurtigbåten frå Krakhella til Selje)

Ved reisande som kjem nordfrå med ekspressbåten vert det tilrettelagt retur til Hardbakke som korresponderer med buss til Krakhella og ekspressbåt nordover. For sikkerheitsskuld, gje beskjed til mannskapet om at du skal reise med bussen 15.20 ved påstigning i Hardbakke.

Reise frå Ytre Sula

Båten kan hente deg på Kolgrov. Ring til Vidar Hop Skyssbåter på tlf. 970 18 145 for å gjere ein spesialavtale. Etter at du har gjort ein avtale kan du kjøpe billett på nett her. Du nyttar den same billetten uansett om du vil reise frå Gulen, Hardbakke eller Ytre Sula.

Reise frå Selje

No kan du reise med ekspressbåten heilt frå Selje og rekke fyrsafari til Utvær.

Til Krakhella:

06.50 - Avgang frå Selje
07.20 - Avgang frå Måløy
08.33 - Avgang frå Florø
09.16 - Avgang frå Askvoll
09.53 - Ankomst Krakhella

Retur til Selje:

16.15 Avgang Krakhella
16.50 Ankomst Askvoll
17.35 Ankomst Florø
18.50 Ankomst Måløy
19.15 Ankomst Selje

Billettar til båten frå Selje til Krakhella får du kjøpt på www.norled.no

Prisar og billettar

Ein fyrsafari billett inkluderar guiding, kaffi og vaffel ved fyret og båtreise tur/retur.

Vaksen: 1150,-
Barn (4-16 år): 300,-
Barn under 4 år: Gratis

Grunna avgrensa tal plassar på båten må turen bestillast innan kl. 17.00 dagen før avreise. Finn du ikkje ledige billettar på nett? Ta kontakt med Visit FjordKysten og Sunnfjord på tlf. 57 74 30 00 eller mail@fjordkysten.no så vil vi gjere vårt beste for å hjelpe deg.

Vener av Utvær

Ein prosentandel av inntektene frå billettsalet går til Vener av Utvær, ei gruppe som arbeider for å gjere fyret tilgjengeleg for alle.

Praktisk informasjon

Hugs gode sko og ei vind- og vanntett jakke. Ta gjerne med mat og drikke. Vêret kan skifte brått ute i havgapet så det er anbefalt å ha med varme klede i sekken. Sal av vaflar, kaffi og saft på Utvær. Det er også mogleg å kjøpe suvenirar. Du kan betale med Vipps eller kontant.

Fyrsafari gjennom heile året

Guida turar og opplevingar på Utvær er tilgjengeleg gjennom heile året på førespurnad. Ta gjerne kontakt med Vener av Utvær på post@utver.no eller ring 474 09 482.

Historia om Utvær

Utvær er eit gamalt fiskevær. Det er ingen fastbuande der i dag, men om sommaren er det mykje feriefolk. Utsikta frå fyret er utruleg flott. Bli med på ei vandring på øya der du besøker Paradis - den vakre hagen sør for fyret.

Du får også sett tufter etter kapellet som vart flytta frå Utvær i 1718 og merke etter sliping av sverd. Det mest fasinerande er likevel naturen og havet – lengst vest i Norge. Utvær er kjent frå historia heilt attende til vikingtida. I 1066 segla Harald Hardråde ut frå Solund då han skulle freiste å legge under seg England. 200 skip og dertil proviantskip og småskuter var samla. Soga seier at ein del av skipa gjekk ut frå Utvær. Slaget enda med fall ved Stamford Bridge.

På austsida av vågen ved Likberget ser ein nokre spor i berget. Historia fortel at det er spor etter vikingane som slipte sverda sine før dei drog over havet på vikingferd.I alle år var fisket hovudnæringsveg på Utvær. Kort veg til fiskefelta gjorde været til eit senter i sesongbaserte fiskeri. Det var i året 1900 det monumentale fyrtårnet vart satt opp. Fyrtårnet i støypejern ragar 31 meter over berget og sender lyskjegla i 45 meters høgde over havflata. Lysblinken blinka kvart 30 sekund og når 35 km ut i Nordsjøen.

  • Facebook logo
  • Trip Advisor logo

Vidar Hop Skyssbåter AS

Se alle tilbudene til Vidar Hop Skyssbåter AS

Tider

juni 2026

27. juni

09:15 - 17:00Bestill
10:30 - 15:20Bestill

Merk:
Båten har avgang frå Gulen kl. 09.15.
Båten har avgang frå Hardbakke kl. 10.30

Priser

Vaksen frå Hardbakke:
NOK 1 150
Vaksen frå Gulen:
NOK 1 150
Born 4-16 år frå Hardbakke:
NOK 300
Born 4-16 år frå Gulen:
NOK 300
Born 0-3 år :
Gratis

Kontakt

Adresse:
  • 6924 Hardbakke
Telefon:
57743000
E-post:
post@utver.no
Nettside:
booking.fjordkysten.no/side-4/

Fasiliteter

Guiding tilgjengelig:
Kafé:
Toalett:
Sesong:
  • Sommer
Barnevennlig:

Hvor er Fyrsafari til Utvær