Hopp til hovedinnhold
Bestill

Bli med den lokale postbåten på øyhopping til Solund, Bulandet og Værlandet! Dette er ein flott tur blant dei vestlegaste øyene i Norge. Her kjem du tett på det spektakulære landskapet med tusenvis av øyer, holmar og skjær. 

Kvar startar øyhopping med postbåten?

Postbåten "Stjernsund" startar turen frå Hardbakke i Solund, om lag 3 timar frå Bergen. Frå Hardbakke går turen stort sett i roleg farvatn, og ein passerer tronge sund og mange små øyskattar. Båtføraren guider undervegs. Her kjem ein tett på natur og dyreliv – nise, kobbe og havørn er ikkje uvanlege syn på turen!

Fiskevêret Gåsvær

Båten stoppar der det er postlevering eller passasjerar. Siste stopp på den ordinære postruta er det idyllliske fiskevêret Gåsvær, og her får ein moglegheit til å gå på land. Gåsvær er ein gammal handelsstad, og ein får møte det lokale vertskapet. Her er det mogleg å kjøpe seg ein kopp kaffi og noko å bite i.

Bulandet og Værlandet

Etter stoppet på Gåsvær fortsetter båten i perioden midten av juni til midten av august nordover til Bulandet og Værlandet i Askvoll kommune. Her kan du gå av båten for å utforske øyene på eiga hand. 6 bruer og 5 km med veg knyt øyene saman, og det er ypparlege forhold for sykling!

Om du ikkje skal ta postbåten i retur til Hardbakke i Solund anbefalar vi å starte med lunsj på ein av kafeane ved hamna, før ein leiger sykkel og utforskar øyene. Besøk utsiktspunkt, kunstutsal, det lokale bygdemuseet eller berre nyt den vakre naturen! Les meir om øyhopping med sykkel her

Sesong for øyhopping med postbåten

Postbåten i Solund går i rute heile året. Siste stopp på den ordinære postruta er det idylliske fiskevêret Gåsvær. Om sommaren, mellom midten av juni til midten av august vert den ordinære postruta forlenga mellom Hardbakke og Bulandet slik at du kan øyhoppe mellom øyane i vest.

Postbåten har følgande avgang frå Hardbakke til Bulandet

​​​​11.00 Avgang med Postbåten frå Hardbakke i Solund

12.30 Ankomst til Gåsvær

13.00 Avreise frå Gåsvær

13.45 Ankomst Nikøy kai på Bulandet

Rundtur med retur frå Bulandet til Hardbakke

Etter om lag 1,5 - 2 timar i Bulandet vil postbåten gå i retur frå Bulandet til Hardbakke i Solund.

Godt å vite

  • Kle deg etter vêret, då ein kan sjå seg om utandørs på deler av turen. Hugs gode sko og ei vind- og vanntett jakke, vêret kan skifte brått.
  • Kjem du med ekspressbåten til Norled må denne bestilles utanom.
  • Ferga mellom Værlandet og Askvoll er gratis.
  • På Gåsvær og Bulandet er det mogleg å kjøpe mat og drikke.
  • Det er mogleg å ta ein buss frå Krakhella til Hardbakke. Det går ein buss frå Krakhella 10.20 mandag - fredag som korresponderar med ekspressbåten frå Norled. Det er også mogleg å ta ein buss frå Bulandet til Værlandet. Bussen går frå Bulandet kai kl. 15.50 mandag - fredag, og kjem til Værlandet 16.15. På kringom.no finn du rutetider for buss og båt i Sogn og Fjordane. Øyhoppingsbilletten dekker ikkje kostnad for bussen
  • Det er flotte forhold for sykling mellom Bulandet og Værlandet. Joker Bulandet ligg like ved der postbåten legg til kai og her kan du leige sykkel. Vi anbefaler å reservere sykkel på førehand ved å ringe 57 73 21 44. Etter å ha sykla 11 kilometer frå Bulandet til Værlandet kan du levere sykkelen på Værlandet Handel. Du bør rekna om lag 2 timar på sykkelturen frå Bulandet til Værlandet. Om du ønskjer å ha med deg din eigen sykkel og skal reise kollektivt er det ein svært begrensa kapasitet på bussen frå Krakhella - Hardbakke. Ta kontakt med turistinformasjonen på telefonnummer 577 43 000 for meir informasjon.
Du kan lese meir om sykkel og øyhopping her. 

Øyhoppingsturen eller liknande turar kan bestillast resten av året på førespurnad.   

Dagstur eller fleirdagstur

Det er mogleg å reise på øyhopping som ein dagstur frå mellom anna Bergen, Florø og Måløy, eller ta turen over fleire dagar. For å få god tid til å nyte naturen og utforske øyriket, anbefaler vi å ta turen over fleire dagar. Det er fleire overnattingstilbod både i Solund og på Bulandet og Værlandet. Vi anbefalar å booke overnatting på førehand. Start gjerne med nokre dagar i Solund, før du tar øyhoppingsbåten til Bulandet & Værlandet og tilbringer nokre dagar her.

Reiseforslag

Dagstur frå Bergen

Det er mogleg å reise på øyhopping som ein dagstur frå Bergen. På sommaren kan du kjøpe rundturbillett på GoFjords eller turistinformasjonen i Bergen. Dette reiseruteforslaget skildrar turen frå Bergen / Selje eller Sogn til Solund der du følger postbåten over til Bulandet.

08.00 - ekspressbåt frå Bergen til Krakhella

10.15 - ankomst Krakhella

10.20 - buss frå Krakhella til Hardbakke

11.00 - avreise med postbåten "Stjernsund" frå Hardbakke 

12.30 - ankomst Gåsvær

13.00 - avreise Gåsvær

13.45 - ankomst Bulandet

15.50 - avgang buss frå Bulandet

16.30 - avgang ferje frå Værlandet til Askvoll

17.40 - ekspressbåt frå Askvoll

20.45 - ankomst Bergen

Dagstur frå Selje

Reiser du frå Selje, Måløy, Smørhamn, Florø eller Askvoll kjøper du delbilettar undervegs på turen.

06.50 - ekspressbåt frå Selje

07.20 - ekspressbåt frå Måløy

08.05 - ekspressbåt frå Smørhamn (Bremanger)

08.35 - ekspressbåt frå Florø

09.15 - ekspressbåt frå Askvoll

09.50 - ankomst Krakhella

10.20 - buss frå Krakhella til Hardbakke

11.00 - avreise med postbåten "Stjernsund" frå Hardbakke

12.30 - ankomst Gåsvær

13.00 - avreise Gåsvær

13.45 - ankomst Bulandet

15.50 - avgang buss frå Bulandet

16.30 - avgang ferje frå Værlandet til Askvoll

19.05 - ekspressbåt frå Askvoll

19.55 - ankomst Florø

20.20 - ankomst Smørhamn

21.10 - ankomst Måløy

21.40 - ankomst Selje

Dagstur frå Sogn

Reiser du frå Sogn kjøper du delbilettar undervegs på turen.

07.05 - avreise Sogndal

07.30 - avreise Leikanger

07.50 - avreise Balestrand

08.05 - avreise Vik

08.50 - avreise Nordeide

09.20 - avreise Lavik

09.40 - ankomst Rysjedalsvika - båtbytte til nordgåande ekspressbåt

09.50 - avreise ekspressbåt frå Rysjedalsvika

10.15 - ankomst Krakhella i Solund

10.20 - buss frå Krakhella til Hardbakke

11.00 - avreise med postbåten "Stjernsund" frå Hardbakke

13.45 - ankomst Bulandet

15.50 - avgang buss frå Bulandet

16.30 - avgang ferje frå Værlandet til Askvoll

17.40 - ekspressbåt frå Askvoll

18.35 - ankomst Rysjedalsvika - båtbytte til sognebåten

19.00 - ankomst Lavik

19.30 - ankomst Nordeide

20.10 - ankomst Vik

20.30 - ankomst Balestrand

20.50 - ankomst Leikanger

21.20 - ankomst Sogndal

Postbåten frå Bulandet til Hardbakke

Det er også mogleg å ta postbåten frå Bulandet til Hardbakke frå Bergen / Selje eller Sogn.

OBS!

På turen frå Bulandet til Hardbakke vil ikkje postbåten ha noko stopp for å levere post, og det vil difor vere ein rein transportetappe med eit stopp på Gåsvær. Her er ikkje mogleg å kjøpe seg kaffi eller svele.

Dagstur frå Bergen

08.00 - ekspressbåt frå Bergen til Askvoll

10.51 - ankomst Askvoll

11.50 - avreise med ferge frå Askvoll til Værlandet

12.45 - ankomst Værlandet fergekai. Her kan du enten ta bussen som går frå Værlandet fergekai klokka 12.45, eller velge å sykle dei 11 kilometerene.

15.30 - avreise med postbåten frå Bulandet til Hardbakke

16.15 - ankomst Gåsvær

16.45 - avreise frå Gåsvær

17.00 / 17.15 - ankomst Hardbakke i Solund. Postbåten korresponderar med rutebussen som går til Krakhella

17.25 - avgang med bussen frå Hardbakke kai til Krakhella

18.15 - ekspressbåt frå Krakhella til Bergen

20-15 - ankomst Bergen

Dagstur frå Selje

06.50 - ekspressbåt frå Selje til Askvoll

09.16 - ankomst Askvoll

09.20 eller 11.50 - avreise med ferge frå Askvoll til Værlandet

12.45 - ankomst Værlandet fergekai. Her kan du enten ta bussen som går frå Værlandet fergekai klokka 12.45, eller velge å sykle dei 11 kilometerene.

15.30 - avreise med postbåten frå Bulandet til Hardbakke

16.15 - ankomst Gåsvær

16.45 - avreise frå Gåsvær

17.00 / 17.15 - ankomst Hardbakke i Solund. Postbåten korresponderar med rutebussen som går til Krakhella

17.25 - avgang med bussen frå Hardbakke kai til Krakhella

18.27 - ekspressbåt frå Krakhella til Selje

21.40 - ankomst Selje

Dagstur frå Sogn

07.05 - ekspressbåt frå Sogndal til Askvoll.

09.40 - ankomst Rysjedalsvika - båtbytte til nordgåande ekspressbåt

10.51 - ankomst Askvoll

11.50 - avreise med ferge frå Askvoll til Værlandet

12.45 - ankomst Værlandet fergekai. Her kan du enten ta bussen som går frå Værlandet fergekai klokka 12.45, eller velge å sykle dei 11 kilometerene.

15.30 - avreise med postbåten frå Bulandet til Hardbakke

16.15 - ankomst Gåsvær

16.45 - avreise frå Gåsvær

17.00 / 17.15 - ankomst Hardbakke i Solund. Postbåten korresponderar med rutebussen som går til Krakhella

17.25 - avgang med bussen frå Hardbakke kai til Krakhella

18.15 - ekspressbåt frå Krakhella til Rysjedalsvika

18.35 - ankomst Rysjedalsvika - båtbytte til Sognebåten

21.20 - ankomst Sogndal

Sulejet AS

Se alle tilbudene til Sulejet AS

Tider

Sesong 24. juni - 16. august

Ukedager:
11:00–17:00
Lørdag:
Stengt
Søndag:
Stengt

Priser

Vaksen Hardbakke - Bulandet:
NOK 500
Barn 4-16 Hardbakke - Bulandet:
NOK 250
Barn 0-3 Hardbakke - Bulandet:
Gratis
Vaksen Bulandet - Hardbakke:
NOK 300
Barn 4-16 Bulandet - Hardbakke:
NOK 150
Barn 0-3 Bulandet - Hardbakke:
Gratis
Vaksen tur/retur :
NOK 800
Barn 4-16 tur/retur:
NOK 400
Barn 0-3 tur/retur:
Gratis

Kontakt

Adresse:
  • 6924 Hardbakke
Telefon:
57 74 30 00
E-post:
mail@fjordkysten.no
Nettside:
booking.fjordkysten.no/

Fasiliteter

Med guide:
Toalett:
Sesong:
  • Sommer
Barnevennlig:
Utsiktspunkt:

Hvor er Øyhopping med postbåten - Solund, Bulandet, Værlandet?