På den 11 kilometer lange sykkelturen mellom Bulandet til Værlandet syklar du over ei perlerad av bruer. Terrenget er storslått, og du syklar forbi kunstinstallasjonar, sjarmerande sjøbuer og over tronge sund. Frå dei 6 bruene som knyt øyane i saman har du storslått utsikt over øyer og hav. Før eller etter sykkelturen kan du reise på øyhopping mellom Bulandet og Solund!

Du kan leige og levere sykkelen på ulike stadar i Bulandet og på Værlandet, noko som gjer det mogleg å sykle ein veg eller tur/ retur. Dersom du syklar direkte kan rekne om lag to timar på turen mellom Bulandet og Værlandet. 

Sykkelutleige

Butikkane Joker Værlandet og Joker Bulandet ligg i kvar sin ende av det vakre øyriket Værlandet og Bulandet. Joker Værlandet er lett tilgjengeleg når du kjem med ferje frå Askvoll, og Joker Bulandet er lett tilgjengeleg når du øyhoppar mellom Solund og Bulandet. Du kan leige og levere sykkel på kva som helst av dei to butikkane - du kan med andre ord velje om du ønskjer å sykle ein veg eller fram og tilbake. Det er anbefalt å reservere sykkel på førehand ved å ringe til staden du ønskjer å leige sykkel i frå. 

Værlandet Handel - tlf. 57 73 01 20

​Joker Bulandet - tlf. 57 73 21 44.

Overnatting

Det er fleire overnattingstilbod både på Værlandet, i Bulandet og i Solund. Vi anbefaler å booke overnatting på førehand og ta turen over fleire dagar. Start med nokre dagar på Værlandet og i Bulandet, før du tar øyhoppingsbåten til Solund og tilbringar nokre dagar her.

Dagstur frå Bergen

Det er mogleg å reise på øyhopping med sykkel som ein dagstur frå Bergen. Kjøp billettar til ekspressbåten på norled.no eller på Strandkaiterminalen i Bergen. Billettar til postbåten kan du bestille her. Billett til buss og ferje kjøpast om bord. Om du ønskjer å ha med deg din eigen sykkel på den kollektive transporten er det ein svært begrensa kapasitet på bussen frå Krakhella - Hardbakke.

Ta kontakt med turistinformasjonen på tlf: 577 43 000 for meir informasjon og plassbestilling.

Informasjon om turen

08.00 - ekspressbåt frå Bergen til Askvoll.

10.50 - ankomst Askvoll

11.45 - avreise med ferje til Værlandet med fin utsikt til Alden, Atløy og havet i vest.

12.40 - ankomst Værlandet På Joker Værlandet, like ved der ferja legg til, kan du leige sykkel. Det er anbefalt å reservere sykkel på førehand ved å ringe 5773 0120.

Følg skiltinga i retning Bulandet og sykle dei 11 kilometerane frå Værlandet til Bulandet. Turen tek omlag 2 timar dersom du syklar direkte. Sykkelen kan du levere på Joker Bulandet på Nikøy kai.  

15.30 - avreise med postbåten "Stjernsund" frå Nikøy kai i Bulandet

16.00 - ankomst Gåsvær 16.30 - avreise Gåsvær

17.15 - ankomst Hardbakke

17.20 - avgang buss frå Hardbakke

18.05 - ankomst Krakhella

18.10 - ekspressbåt frå Krakhella til Bergen

20.45 - ankomst Bergen

Dagstur frå Selje

Reiser du frå Selje, Måløy, Bremanger (Smørhamn), Florø eller Askvoll kjøper du delbillettar undervegs på turen. På norled.no kan du kjøpe båtbillett for strekningane med ekspressbåt. Postbåten har avgrensa antall plassar, og ein må reservere plass seinast dagen før ein reiser. Billettar til postbåten kan du bestille på screenbooking.com/øyhopping. Billett til buss og ferje kjøpast om bord.

06.50 - ekspressbåt frå Selje

07.20 - ekspressbåt frå Måløy

08.05 - ekspressbåt frå Smørhamn (Bremanger)

08.35 - ekspressbåt frå Florø

Vi anbefaler at du informerer mannskapet på ekspressbåten om at du skal vidare til Værlandet med ferje. 

09.15 - ankomst Askvoll

09.15 - avreise med ferje til Værlandet

10.35 - ankomst Værlandet

På Joker Værlandet, like ved der ferja legg til, kan du leige sykkel.  Det er anbefalt å reservere sykkel på førehand ved å ringe tlf: 5773 0120. 

Følg skiltinga i retning Bulandet og sykle dei 11 kilometerane frå Værlandet til Bulandet. Turen tek omlag 2 timar dersom du syklar direkte. Sykkelen kan du levere på Joker Bulandet på Nikøy kai.  

15.30 - avreise med postbåten "Stjernsund" frå Nikøy kai i Bulandet

16.00 - ankomst Gåsvær

16.30 - avreise Gåsvær

17.15 - ankomst Hardbakke

17.20 - avgang buss frå Hardbakke

18.05 - ankomst Krakhella

18.25 - ekspressbåt frå Krakhella

19.05 - ankomst Askvoll

19.55 - ankomst Florø

20.20 - ankomst Smørhamn

21.10 - ankomst Måløy

21.40 - ankomst Selje

Godt å vite

Øyhoppingsturen går kvar vekedag i perioden skuleslutt til skulestart frå Solund til Bulandet kl. 11.00 og frå Bulandet til Solund kl. 15.30. Det er mogleg å sitte på med postbåten ein veg eller tur/ retur. Øyhoppingsturen frå Bulandet til Solund, som er nytta i reiseforslaget over, er ei meir direkte rute med mindre guiding undervegs enn øyhoppingsturen som går motsett veg – frå Solund til Bulandet. Begge alternativa kan kombinerast med ein sykkeltur.

Kle deg etter vêret. Hugs gode sko og ei vind- og vanntett jakke, vêret kan skifte brått.

På Gåsvær og Bulandet er det mogleg å kjøpe mat og drikke. Hugs kontantar, då det ikkje er mogleg å betale med kort på Gåsvær.

Verdt å få med seg

  • Bli med på guida tur på Værlandet og Bulandet med Ruth Bakke
  • Bulandet Temapark.
  • Halsøyhågen, utsiktspunkt i Bulandet.
  • Skulptur på Hillersøyhågen i Bulandet.
  • Havsalaten kjøkken & bar på Nikøy kai i Bulandet

Priser

Fra:
NOK 0

Kontakt

Adresse:
  • 6987 Bulandet
Telefon:
57743000
E-post:
mail@fjordkysten.no
Nettside:

Fasiliteter

Sesong:
  • Høst
  • Vår
  • Sommer

Hvor er Øyhopping med sykkel?