Værlandet og Bulandet er knytt saman av vegen Nordsjøporten - ei livsnerve for øysamfunna, og samstundes ei heilt spesiell reise gjennom det ytterste kystlandskapet. Her møter du eit rikt dyreliv, særleg i Sørværet naturreservat. Med litt flaks kan du sjå både sel, oter, ørn og hjort.
Øyriket Værlandet og Bulandet
Øyriket Værlandet og Bulandet er Norges vestlegaste bebudde samfunn. Øyane lokkar til deg både syklistar, padlarar, fiskarar og turgåarar som ønskjer ro, vidde og nærleik til havet.
Bulandet er det vestlegaste aktive fiskerisamfunn i landet, og har om lag 230 innbyggjarar. På bygdemuseet "Bulandet i fortid og notid" kan du få eit godt innblikk i kvardagsliv og fiskarhistorie.
På Værlandet bur det om lag 150 mennesker, og her er fiske og oppdrett viktige næringar - saman med reiseliv og eksport av grønsteinbrekje.
Sykle over ei perlerad av bruer
Vegen mellom Værlandet og Bulandet er ein populær sykkeltur. På den 11 kilometer lange sykkelturen syklar du over ei perlerad av bruer. Terrenget er storslått, og du syklar forbi kunstinstallasjonar, sjarmerande sjøbuer og over tronge sund. Frå dei 6 bruene som knyt øyane i saman har du storslått utsikt over øyer og hav. Sykkelturen kan kombinerast med ein øyhoppingstur til nokon av dei vestlegaste øyane i Noreg.
Sykkelutleige hos Joker-butikkane
Butikkane Joker Værlandet og Joker Bulandet ligg i kvar sin ende av det vakre øyriket. Joker Værlandet er lett tilgjengeleg når du kjem med ferge frå Askvoll, og Joker Bulandet er lett tilgjengeleg når du øyhoppar mellom Solund og Bulandet. Du kan leige og levere sykkel på kva som helst av dei to butikkane - du kan med andre ord velje om du ønskjer å sykle ein veg eller fram og tilbake. Les meir om øyhopping med sykkel her.
På Værlandet og i Bulandet kan du vandre på ulike løyper tilrettelagt i naturen. Nordsjøløypa er ei av dei lengste løypene og inneheld både flatt terreng og nokon toppar. Følg skilting undervegs og opplev flotte utsiktspunkt som er vel verdt litt strev når du har komen til toppen.
Korleis komme seg hit
Ta ferga frå Askvoll/Fure til Værlandet, og ta beina fatt eller dra med sykkel/bil over bruene til Bulandet. Fotturen vil ta eit par timar ein veg. Dette er ein tur du seint vil gløyme!
Overnatting
Det er fleire overnattingstilbod både på Værlandet og i Bulandet. Vi anbefaler å booke overnatting på førehand og ta turen over fleire dagar.
Fjordkysten Regional- og Geopark, ein UNESCO Global Geopark
Værlandet og Bulandet er ein del av Fjordkysten Regional- og Geopark, ein UNESCO Global Geopark. Parken strekkjer seg over dramatiske fjordar, åpent kystlandskap, og imponerande fjellformasjonar lengst vest i Norge.