Hopp til hovedinnhold

Vandreturen til Gjørøylykta tek deg heilt ytterst i Bulandet, i ope og vêrutsett kystlandskap. Fyrlykta ligg 22 meter over havet og markerer innseglinga mot øyriket, med vid utsikt over hav, holmar og skjer. Turen går i lett til moderat terreng og følgjer stiar og ope landskap langs kysten.

Like ved løypa kan du også besøkje det store kamskjellet - eit særprega landemerke og populært fotopunkt i Bulandet. Undervegs får du nærkontakt med naturen og det rike fuglelivet som pregar området. Dette er ein fin tur for deg som ønskjer ei kort, men innhaldsrik vandring, kombinert med opplevingar i øysamfunna Værlandet og Bulandet.

Turen kan enkelt kombinerast med sykling, øyhopping eller andre kystopplevingar i området.

Tider

januar 2026

14. januar

Kontakt

Adresse:
  • Fv365
  • 6987 Bulandet
Telefon:
57743000
E-post:
mail@fjordkysten.no

Fasiliteter

Barnevennlig:
Total stigning:
  • 10m
Vanskelighetsgrad:
  • Lett (grønn)
Avstand:
  • 1km
Sesong:
  • Høst
  • Vår
  • Sommer
  • Vinter
Terreng:
  • Kystområde
Underlag:
  • Sti

Hvor er Vandretur til Gjørøylykta i Bulandet