Hopp til hovedinnhold

Så langt vest det er mogleg å kome i Noreg ligg fem livskraftige kommunar; Solund, Fjaler, Askvoll, Hyllestad og Sunnfjord, som samarbeider om å ta vare på og utvikle dei lokale natur- og kulturressursane.

Verdas beste stad å studere ei fjellkjede si vekst og fall

Der fjordane munnar ut i talrike holmar og øyer reiste verdas høgaste fjellrekkje seg for om lag 400 millionar år sidan; den kaledonske fjellkjeda. Fjellkjeda var minst like høg som Himalaya, både i høgdemeter og utstrekking. Fjellkjeda er for lengst vekke, tært ned av tidas tann, men den etterlet seg eit variert landskap med mange spor. Innanfor Fjordkysten Regional- og Geopark, ein UNESCO Global Geopark, òg kalla Fjordkystparken, sine relative korte geografiske avstandar, er det mogleg å observere både korleis denne fjellkjeda vart danna og sidan òg vart broten ned. Det vert sagt at dette er ein av dei beste stadane i verda å studere ei fjellkjede si vekst og fall.

Fjordkysten Regional- og Geopark er Noreg sin første kombinerte Regional- og Geopark, og er no óg ein UNESCO Global Geopark.

Kva er ein Regionalpark?

Føremålet med ein Regionalpark er å skape samarbeid mellom aktørar på ulike nivå, på tvers av ideelle og kommersielle interesser. Arbeidet vert bygd på å ta vare på regionen sitt landskap, sin kulturarv og identitet. Lokal forankring og forpliktande samarbeid gjev verdiskaping og utviklingskraft. Dugnadsinnsats og sosial verdiskaping vert utløyst gjennom langsiktige partnarskap, samhandling og medverknad. Slik vert berekraftige produkt og opplevingar skapt på lokalbefolkninga sine eigne premissar.

Kva er ein Geopark?

Ein Geopark har geologi som hovudtema og knyter formidling og verdiskaping opp mot den geologiske arven i området.

Kva er ein UNESCO Global Geopark?

Ein UNESCO Global Geopark er definert slik: Samanhengande geografisk område der stadar og landskap av internasjonal geologisk betydning vert forvalta på ein berekraftig måte. I ein UNESCO Global Geopark vert den geologiske arven framheva som ein del av jorda sin natur- og kulturarv, til å auke medvitet og forståinga for viktige tema, som å bruke jorda sine ressursar på ein berekraftig måte, handtere effektane av klimaendringar og redusere effektane av naturkatastrofar. Å ha status som ein UNESCO Global Geopark er det mest ettertrakta kvalitetsstempelet for ein reiselivsdestinasjon.

Et merkeikon

Les meir om Fjordkysten Regional- og Geopark, ein Unesco Global Geopark

Her har vi samlet en rekke artikler skrevet av personer med god kjennskap til vår region. Bla deg gjennom sider med inspirasjon og sett sammen det perfekte opphold for deg. Kanskje oppdager du noen bortgjemte perler?

Aktivitetar i Fjordkysten Regional- og Geopark, ein Unesco Global Geopark

I Fjordkystparken vil du finne eit mangfald av aktivitetar. Her er du garantert gode opplevingar!

Sov godt i Fjordkysten Regional- og Geopark, ein Unesco Global Geopark

Opplev gjestfridom og ro – overnattingar i pakt med natur og kulturarv.

Kommende arrangementer

Følg Fjordkysten Regional- og Geopark, ein Unesco Global Geopark

  • Facebook

    Facebook