I Fjordkysten Regional- og Geopark ligg det ei spektakulær historie gøymd i landskapet – ei forteljing om hav som opna seg, kontinent som smalt saman, og fjell som raga høgare enn dagens Mount Everest. Og det beste? Du treng verken doktorgrad eller kompass for å forstå det. Alt du treng, er litt nysgjerrigheit og eit par gode sko.
Geologi – steintøft og heilt sant
Jorda er dekka av enorme plater, omtrent som isflak. Desse flyttar seg sakte, men sikkert, og av og til smell dei saman. Resultatet? Ei fjellkjede reiser seg – smekk! – og eit nytt kapittel i jordas lange historie tek til. Her på Vestlandet skjedde dette for fleire hundre millionar år sidan, då Ur-Europa og Ur-Amerika krasja så hardt at havet Iapetus forsvann og Den Kaledonske Fjellkjeda reiste seg.
Denne fjellkjeda var ikkje småtteri – ho raga truleg over 9000 meter! Sjølv om ho i dag er slitt ned, har ho lagt igjen tydelege spor: bøygde og knadde bergartar, som Brurastakken er eit døme på, eller som granatglimmerskifer, kvartsitt og marmor –som du finn til dømes i Kvernsteinsparken i Hyllestad.