Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Kultur og historie

Villsauen i Solund skaper verdiar og eit levande landskap

Sommar, vår og haust, vinter
Sist oppdatert: 17.04.2025
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord

Opplev det unike øyriket i Solund! Møt villsauen som formar landskapet, lær om kysttradisjonar og bli med på ein heilt spesiell villsausafari.

I 2020 gjekk lokalbefolkninga i Solund, som i utgangspunktet ikkje hadde noko erfaring eller kunnskap om landskapsskøtsel og villsaudrift , i saman med fagleg leiing og grunneigarar. Dei ville bidra til at det sentrumsnære landskapet på Hardbakke i Solund ikkje grodde att, og at det vart oppretta ein større kontakt mellom menneske og dyr; - på tvers av generasjonar.

Korleis kunne innbyggjarane få ei større bevisstgjering om landskapet som dei levde i, og stoppe gjengroinga som var i ferd med å endre den 5000 år gamle opne horisonten?

Villsauen skapar verdiar og levande landskap

Når Trude Søilen, dagleg leiar for Fjordkysten Regional- og Geopark ein dag underviste på den lokale skulen i Solund oppdaga ho at elevane ikkje visste i korleis landskapet hadde vorte til.

«Dei hadde ingen kunnskap om at den opne og vakre utsikten vart forma av vår forfader som kultiverte området med brenning og sauehald. Menneska som lev i dette landskapet er knytt til det, og ønskjer å ta vare på det, men dei mangla kunnskap og kompetanse på korleis», fortel Trude Søilen.

Den gamle tradisjonen med lyngbrenning og utegongardrift som har vorte overlevert frå generasjonar var nesten heilt borte. Det vart difor satt spørsmålsteikn til korleis landskapet kunne bli tatt i bruk som ressurs, og på same tid ta vare på ein 5000 år gamal tradisjon. Svaret var å etablere eit sentrumsnært villsaulag eigd og drifta av lokalbefolkninga i samarbeid med kommunen og skulen.

Ein person står og snakker til andre som du ikkje ser i bilete. bak henne er det tre sauer som går i inngjeringa. dama har på seg raud jakke og har grå lue på. ho har briller hengane ned frå halsen.
Trude Søilen, dagleg leiar i Fjordkysten Regional- og Geopark, ein Unesco Global Geopark|© Visit Fjordkysten og Sunnfjord

Nofence

Gjennom handlingsbåren kunnskap lærer innbyggjarane i Solund frå hand til hand korleis dei i praksis kan produsere sin eigen mat i landskapet utanfor stovedøra si, på same måte som våre forfedre alltid har gjort det. I villsaulaget vert alle partseigarane invitert til partsoppgåver gjennom året. Mellom anna brenning, rydding, sanking, fòring, merking, medisinering, slakting og foredling. Det gir meining og samanheng og få delta på heile prosessen. Dyra i Hardbakke Villsaulag er ikkje inngjerda, men går med gjerdet rundt halsen med ein klave som er drifta av solcellebatteri. Hardbakke Villsaulag var pilot på nofence for sau, og denne nye gjerdeteknologien gjer at villsauene kan beite på området som tidlegare var heilt utilgjengelege eller uaktuelle.

Fleire sauer står på en stein. dei kiker rundt omkring
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord

Kystkulturlandskapet i Solund – det beste grunnlaget for villsaudrift

Gamalnorsk sau, òg kalla villsau, har skjøtta landskapet og lyngheiene i Solund gjennom 5000 år. Rasen var heilt vanleg i Norge fram til andre del av 1800-talet, før den nesten vart heilt utrydda, men heldigvis berre nesten. For nokre gjenstridige individa hadde gøymt seg unna, blant anna på ei øy like sør for Solund; - i Austevoll. Sidan har fleire bønder skaffa seg slike sauer, gjerne berre for å ta vare på kulturlandskapet.

«Lenge tenkte eg at vårt kystlandskap var både unyttig, og at landskapet i alle tider hadde for det meste vore urørt. Og mange tenkjer vel at denne naturen må forbli urørt. Men dette er i høgste grad berørt natur, forvalta og kultivert av menneske og dyr i tusenvis av år» seier Kjell Mongstad, eldsjel og ein sentral drivkraft bak Hardbakke Villsaulag.

Det er ikkje rart at villsauen trivst godt i Solund; - for her kjenner nok villsauen seg att blant dei tøffe vêrtilhøva, eit knudrete kystlandskap, kva som står på menyen, og heilt sikkert også den godlyndte kysthumoren som ikkje er ulik mellom Austevoll og Solund.

Villsauen gjer seg maksimal nytte av dei ressursane som finst

Villsauen er heilt tilpassa eit liv i kystlyngheia. Sauen produserer kjøt og ull av dei beiteplantane som veks der, på same tid som han skjøttar og held landskapet ope. Denne vesle og hardføre sauerasen er genetisk sett den same som for tusen år sidan, tilpassa dei natur- og klimamessige tilhøva heilt ute ved kysten. Sauen er ekspert på å gjere seg maksimal nytte av dei ressursane som finst der.

Dei største fordelane med Gamalnorsk sau er at den ikkje er særleg kresen på kva den et. Den beiter like gjerne på kystlynghei, som tang og tare i fjærebeltet og det gode fjellgraset i høgdene. I tillegg kan denne rasen gå ute heile året, og lemmer helst åleine. Sauene er veldig tamme, og dei likar godt å få kos av borna som er med og gjer dei mat.

Ein mann vandrer langst konglomerat. det er eit stort landskap bak han
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord

Lyngheia er ein truga art

Totalt sett har meir enn 80% av lyngheiene i Europa gått tapt sidan byrjinga av 1800-talet. Kystlyngheia er difor i dag definert som ein truga planteart. Dei viktigaste årsakene til dette er gjengroing, tilplanting og spreiing av skog, mellom anna sitkagran. Nedbygging dyrking, gjødsling og anriking i jordsmonnet av nitrogen frå luft og nedbør endrar landskapet.

Når lyngheiene vert brent kjem det opp nye skot som er meir næringsrike, som gir godt beite for sauene som lev ute heile året.

Bli med på villsausafari

Om du ønskjer å lære meir om øyriket Solund; om stadens tilblivelse og historie, om korleis livet i Solund leves i dag og om Hardbakke Villsaulag kan du bli med på villsausafari saman med dyktige guider frå Sognefjord Active.

Villsausafari i Solund med Sognefjord Active

Villsausafari i Solund med Sognefjord Active

Bli med på ei heilt spesiell reise gjennom det særeigne kystlandskapet i Solund! Møt dei frittgåande villsauene og lær korleis lokalsamfunnet har skapt eit sentrumsnært villsaulag – ein levande del av naturen som held kulturlandskapet i hevd.

Få meir inspirasjon frå Fjordkysten Regional- og Geopark

Lihesten; Frå djupe dalar til majestetisk landemerke

Lihesten; Frå djupe dalar til majestetisk landemerke

For om lag 400 millionar år sidan låg Lihesten i botn av ein djup dal, høgt oppe i den Kaledonske fjellkjeda. Les historia om når Lihesten gjekk frå å ligge i dei djupe dalar til å bli eit majestetisk landemerke på kysten av Fjord Norge

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement