Hopp til hovedinnhold

Øyhopping med den lokale postbåten i Solund

Bli med den lokale postbåten på ei unik øyhoppingsoppleving i Solund, Bulandet og Værlandet. Her kjem du heilt ut til dei vestlegaste øyane i Noreg, omgitt av eit spektakulært kystlandskap med tusenvis av øyar, holmar og skjer.

Postbåten spelar ei viktig rolle i kvardagen i Solund, og bind øysamfunna saman ved å levere post og frakte fastbuande mellom øyane. Samstundes gir ruta ei sjeldan moglegheit til å oppleve kystkulturen på nært hald.

Siste stopp på den ordinære postruta er det idylliske fiskeværet Gåsvær, der du får høve til å gå i land. Gåsvær er ein tidlegare handelsstad, og her kan du møte det lokale vertskapet og få eit innblikk i livet i øysamfunnet.

Etter stoppet på Gåsvær går båten vidare nordover til Bulandet i Askvoll kommune. Her kan du utforske øyane på eiga hand før postbåten returnerer til Hardbakke.

ein mann går på ei brygge og bærer på posten som skal leveres. rundt han ligg det masse gamle rusta ting
Båtførar leverer post til dei fastbuande på øyane | © Visit FjordKysten og Sunnfjord

Kajakkpadling i Solund - blant øyar, skjer og havørner

Solund er eit ekte eldorado for kajakkpadling, og blir rekna som eitt av dei beste områda i Noreg for padleopplevingar. Med over 1700 øyar, holmar og skjer, omgitt av urørt natur og ope hav, byr Solund på varierte padleruter for både nybyrjarar og erfarne padlarar. Frå kajakken kjem du tett på landskapet og får oppleve sjarmerande fiskevær, ei heilt særmerkt geologi og eit rikt fugleliv. Det er ikkje uvanleg å sjå havørn sveve over skjera medan du glir stille gjennom vatnet.

For ei trygg og minnerik oppleving kan du bli med på guida kajakkturar og kurs i regi av Sognefjord Active. Med lokal kunnskap og fokus på tryggleik får du oppleve den spektakulære kystnaturen i Solund på best mogleg måte, enten du ønskjer ein roleg introduksjon til kajakkpadling eller ei meir aktiv oppleving i havgapet.

Padling ved store steiner i Solund
Padle mellom øyar, holmar og skjer i Solund | © Visit FjordKysten

Reis på Fyrsafari til Utvær

Du kjem ikkje lenger vest i Noreg enn Utvær, eit unikt øysamfunn ytterst i havgapet der historie, kultur og storslått natur møtest. Øya byr på eit heilt spesielt landskap, forma av havet og vêret, og ei oppleving som gjer sterkt inntrykk på dei som tek turen hit.

Frå Utvær fyr er utsikta spektakulær, med ope hav i vest og eit vidstrakt øyrike mot aust. Når du vandrar rundt på øya, kan du sjå spor etter tidlegare busetnad, mellom anna tufter etter kapellet som vart flytta i 1718, samt merke etter sliping av sverd – vitne om eit langt og levande kysthistorisk liv.

Utvær fyr i Solund
Utvær ein vakker sommarsdag | © Vegard Vike Engum

Fyrtårnet på Utvær ragar 31 meter over berget og sender lyskjegla 45 meter over havflata. Lysblinken, som kjem kvart 30. sekund, når heile 35 kilometer ut i Nordsjøen. I fleire tiår har Utvær fyr vore det første synet av land for sjøfarande som nærmar seg den norske kysten i mørkret.

Fjellturar og vandring i Solund

Solund byr på varierte fjellturar og fine vandreruter i eit landskap som skil seg frå resten av Vestlandet. Her går turane gjennom ope kystlandskap, med kort veg frå hav til fjelltopp og panoramautsikt over øyar, skjer og ope hav. Fjellturane i Solund er lett tilgjengelege og passar godt både for korte dagsturar og rolege toppturar med stor utteljing.

Fleire av turane går til markante toppar og utsiktspunkt, der du får ei sjeldan kjensle av å vere ytterst mot havet. Frå toppane ser du det karakteristiske øyriket i Solund, med over 1700 øyar, holmar og skjer spreidde utover Sognesjøen og Nordsjøen. Landskapet er ope og vêrutsett, og gir stadig skiftande lys og stemningar.

Vandring i Solund handlar ikkje berre om høgdemeter, men om nærkontakt med naturen. Stiane går gjennom lyngheier, svaberg og små dalar, ofte med spor etter kystkultur og beitebruk. Kombinasjonen av lett terreng, store utsikter og stille omgjevnader gjer Solund til eit godt reisemål for deg som ønskjer fjellturar i roleg tempo, med natur og hav som følgjesvein.

Her får du flott utsikt over øyriket
Her får du flott utsikt over øyriket |© FjordKysten og Sunnfjord

Fjelltur til Pollatinden

Pollatinden er det nest høgste fjellet i Solund og blir ofte omtala som Dronninga av øyriket.

Fjellet ruvar 541 meter over havet og byr på ei storslått utsikt over dei vestlegaste øyane i Noreg, med ope hav i vest og eit vidstrakt øyrike mot aust. Fjellturen til Pollatinden er rekna som middels krevjande, med parti som har bratt stigning på berg.

Turen tek om lag 2–3 timar tur/retur, og er ei flott oppleving for deg som ønskjer ein topptur i Solund med stor utteljing i form av utsikt og naturoppleving.

Fjelltur til Ramnenipa

Med sine 232 meter over havet byr Ramnenipa på flott utsikt over Hardbakke og øyriket Solund. Turen er grønmerka og passar godt for både born og vaksne, noko som gjer dette til ein populær og lett tilgjengeleg fjelltur midt i sentrum.

Den mest brukte startpunktet er ved fotballbana på Hardbakke. Frå butikken går du opp Storehaugen og gjennom bustadgata til du kjem ut på ein grusveg. Her tek du til venstre og følgjer vegen langs fotballbana, før du finn ein tydeleg sti som fører heilt opp til toppen av Ramnenipa.

Turen tek om lag éin time tur/retur. Ei kort og enkel fottur med stor utteljing i form av utsikt – perfekt for ein roleg dagstur i Solund.

Vandre til Sognesjøhytta

Ein tur til Sognesjøhytta, som ligg sør for Hardbakke, er ei fin oppleving for både små og store turgåarar. Frå dagsturhytta kan du nyte eit flott utsyn over Sognesjøen, om lag 15 meter over havet, i rolige og naturnære omgjevnader.

Sognesjøhytta er eit lågterskeltilbod for vandrarar og friluftsfolk – ein stad der du kan ta ein pause, ete matpakka, få litt varme i kroppen og bla i bøker medan du nyt stillheita. Like ved hytta ligg det òg ei lita, skjerma våg der kajakkar enkelt kan legge til, noko som gjer hytta til eit fint stopp både for dei som kjem til fots og frå sjøen.

Dagsturhytta Sognesjøhytta
Dagsturhytta Sognesjøhytta | © Visit Fjordkysten og Sunnfjord

Ytre Sula

Nesten heilt ytst i kommunen ligg øya Ytre Sula, den nest største av øyane i Solund. Utanfor ligg den vêrstride Straumsfjorden, og endå lengre ute ligg øysamfunna Husøy, Nautøy, Indrevær og Utvær. I Ytre Sula finn du små, idylliske grendesamfunn; Kolgrov, Straumen, Hjønnevåg, Ytrøygrend, Kverhella, Trovåg og Nåra.

I Ytre Sula kan du bu på hos Kalgraff Ferie og Fritid eller Solund Rorbuferie, og du kan nyte god mat på Havkroa. Her er og daglegvarebutikk på Nåra.

Konglomerat og veg
Ytre Sula | © Visit FjordKysten

Villsausafari

Opplev den fascinerande historia om den gamalnorske sauen, også kalla villsauen – ein direkte etterkomar av vikingtidas sauer. På denne turen kjem du tett på dei frittgåande villsauene, medan du lærer om livet på øyane både før og no. Du får besøke dei robuste sauene som har levd side om side med kystfolket i over 5000 år, og høyre korleis dei saman har halde landskapet og lyngheiene i hevd gjennom generasjonar.

ein sau står i front og ser inn i kamera. bak sauen står det ei dame og ein mann. det er i ufokus.
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord

Draumeparken diskgolfdestinasjon

Draumeparken Diskgolfdestinasjon er eit heilt spesielt reisemål for deg som elskar diskgolf – eller har lyst til å prøve for første gong. Her finn du to flotte baner: Draumeparken 22-holsbane, ei profesjonell bane som vert nytta til turneringar, og Idrettsparken 9-holsbane, ei nybyrjarvenleg og sosial bane som passar for både familiar, barn og dei som berre vil ha ei hyggeleg runde.

person ser på eit kart over diskgolf
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord

Likar du å fiske er Solund rette staden

Omgitt av ope hav og fjordar i Norges vakraste skjergard er forholda perfekt for sjøfiske, året rundt. Her kan du fiske makrell, sei, torsk, hyse, lange, krabbar og kreps. Om du kastar snøret djupt nok kan du også få kveite eller breiflabb på kroken. Det er fleire plassar der ein kan leige båtar:


På sykkel i Solund

I Solund er det flotte forhold for sykkelturar. Ta med deg sykkelen på øyhopping. Ferje og båtar frakter deg mellom øyane og er ei oppleving i seg sjølv. Sykle nordover langs det idylliske Liasundet. Passer dei idylliske grender og sjå sola gå ned i havet utover Lågøyfjorden. Frå Hardbakke kan du sykle vestover til Daløy og ta den sjarmerande ferga til Haldorsneset. Frå Haldorsneset kan du sykle sør til Nåra. Stopp innom Hjønnevåg og spis lunsj på Havkroa. Kafeen er ope om sommaren.

© Lillian Herland

Finn meir inspirasjon til ting å gjøre i Solund og omegn