Tenk å kunne gli stille utover eit krystallklart vatn, omgitt av eit eventyrlandskap av holmar, skjer og lune viker - velkomen til FjordKysten og Sunnfjord, eit ekte padleeventyr.
Dei beste padleopplevingane Norge har å by på!
Med tusenvis av øyar, holmar og skjer i vakker urørt natur gir kysten av Sogn og Fjordane deg nokon av dei beste padleopplevingane Norge har å by på!
Padle i ein UNESCO Global Geopark
Lengst vest i Norge finn du Fjordkysten Regional- og Geopark, ein del av det eksklusive nettverket av UNESCO Global Geoparker. Her, i kommunane Solund, Fjaler, Askvoll, Hyllestad og Sunnfjord, ventar eit landskap av dramatiske fjordar, ope kystlandskap og imponerande fjellformasjonar – eit padleeldorado du seint vil gløyme.
I Solund kan du bli med Sognefjord Active på kystkulturpadling mellom over 1700 øyar, holmar og skjer. Her får du oppleve den unike kombinasjonen av kystkultur, rik geologi og eit mangfaldig dyreliv – alt frå havørn til sel. Samtidig lærer du meir om historia som har forma dette levande kystsamfunnet.
Ønskjer du å utforske fleire område i geoparken, eller skreddarsy ditt eige kajakkeventyr, står Sognefjord Active klare til å tilpasse turen etter dine ynskjer.
"Norges Venezia"
Ein kjem ikkje lenger vest i Norge enn til øyane i Bulandet og Værlandet – ofte omtalt som ”Norges Venezia”. Dette nettverket av små og store øyar, holmar og skjer danna ein labyrint av smale sund og opne havstrekningar - perfekt for å padle seg vekk frå verda og inn i naturpratisk ro og storslått kystkultur. Mange tek turen hit om hausten for å surfe på bølgjene.
Padle saman med Sognefjord Active
Les mer om utvalgte sted og attraksjoner fra FjordKysten og Sunnfjord.
Padle mellom krittkvite strender og stupbratte fjell
I Måløy kan du gli stille fram i kajakken, mellom krittkvite strender og majestetiske fjell som stuper rett i havet. Her møter du både levande kystkultur, gamle handelsstader og eit rikt dyreliv.
Bli med Sjøbris Adventure på guida kajakkturar, der du får oppleve kysten på ein heilt ny måte – tett på naturen, i roleg tempo, med tid til å sanse både stilla og storheita
Guida kajakkturar med Sjøbris Adventure
Les mer om utvalgte sted og attraksjoner fra FjordKysten og Sunnfjord.
Bli med på guida kajakktur med Norway AdvenTURes frå fiskeværet Kalvåg, og opplev spektakulær kystnatur når du padlar mellom holmar og skjer. Sjå på fiskane under deg og opplev mestringsfølelse av å ha full kontroll over kajakken din. Kanskje du til og med vil få auge på ein ørn eller ein sel?
Skjergarden rundt Florø byr óg på flotte forhold for padling. Ta turen til ein av dei mange øyane rundt byen eller langs ein av fjordane.