Fjordkysten og Sunnfjord er meir enn spektakulær natur, mektige fjordar og ikoniske fjelltoppar. Det er eit levande landskap forma av menneske, kultur og ei djupt forankra kjensle av samspel med naturen. Difor jobbar vi aktivt for å sikre at reiselivet i regionen er berekraftig, slik at framtidige generasjonar kan oppleve den same magiske naturen som du gjer i dag.
Kva tyder berekraft for oss?
Berekraft i FjordKysten og Sunnfjord handlar om meir enn berre naturvern. Det handlar om å skape levedyktige lokalsamfunn, ta vare på kulturarven og sikre at reiselivet gir positive ringverknadar. Difor arbeider vi ut ifrå tre hovudprinsipp:
- Miljøomsyn: Vi bevarer naturen gjennom gode forvaltingspraksisar, reduserer plast og avfall og oppmodar til ansvarleg ferdsel.
- Lokalsamfunn: Vi støttar lokal verdiskaping, fremjar lokal matkultur og involverer innbyggarar i reiselivsutviklinga.
- Gjestadferd: Vi legg til rette for gode reiseopplevingar med respekt for naturen, kulturen og lokalsamfunnet.