Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Nyttig informasjon

Ditt vertskap i Fjordkysten og Sunnfjord

Sommer, vinter, vår, haust
Sist oppdatert: 18.02.2026
© FjordKysten og Sunnfjord
© FjordKysten og Sunnfjord

Vertskapet i Fjordkysten og Sunnfjord er meir enn dei som driv overnattinga eller serverer maten – dei er sjølve hjartet i opplevinga. Her blir du teken imot som gjest, men reist vidare som ven.

Dei møter deg med eit smil, eit tips du ikkje finn i guideboka, og kanskje ein kaffikopp på kjøpet.

Vertskapet vårt er dei du møter undervegs på reisa di. Om det er på overnattingsstaden, i båthamna, på fjellturen, i museet eller på den vesle kaféen ved kaia. Det er dei som helsar, gir deg tips, deler ei historie, eller viser deg ein sti du kanskje ikkje hadde funne på eiga hand. Vertskapet i FjordKysten og Sunnfjord er sjølve hjartet i opplevinga.

Ein mann smiler til kamera medan han skjærer i eit fenalår som ligger på benken nedanfor han. han sitter i t-skjorte i ein gapahuk
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord

Men vertskapet arbeider ikkje berre for å skape uforgløymelege opplevingar. Dei er ógså her for å verne og bevare vår unike kulturarv og naturmangfald.

Fleire av bedriftene i FjordKysten og Sunnfjord har opparbeida seg eit miljømerke, som innebærer at bedrifta følgjer bransjespesifikke standarder / krav for å redusere negative påverknader på miljøet.

Finn miljøsertifiserte bedrifter i FjordKysten og Sunnfjord

Kvifor er vertskapet viktig?

Gode menneskemøte er ein viktig del av reisa. Naturen kan vere storslått, men det er ofte møta med vertskapet som gjere reisa uforgløymeleg.

Når vertskapet er godt

  • Får gjesten ei trygg og inkluderande oppleving
  • Vert besøket meir personleg og ekte
  • Auker sjansen for at gjesten kjem tilbake og anbefalar regionen vidare
  • Bidreg det til ei berekraftig utvikling for lokalsamfunna
Fjordkysten og Sunnfjord er for deg. Destinasjonen for utforskaren med eit ope sinn – for den nyfikne og undrande. For den fryktlause og modige. For deg!
© FjordKysten og Sunnfjord

Kva kjenneteiknar vertskapet i FjordKysten og Sunnfjord?

  • Vertskapet i FjordKysten og Sunnfjord er venleg og tilgjengeleg. Dei møter deg med eit smil og er til stades for å hjelpe
  • Vertskapet i FjordKysten og Sunnfjord er kunnskapsrik. Dei delar gjerne historie, kultur og tips til aktivitetar, mat og overnatting
  • Vertskapet i FjordKysten og Sunnfjord møtar deg med respekt, likeverd og forståing for kulturelle forskjellar
  • Vertskapet i FjordKysten og Sunnfjord går gjerne den ekstra mila, frå vegskildringar til gode råd.
© FjordKysten og Sunnfjord

Har du spørsmål undervegs på reisa di?

Vertskapet er her for deg, enten du treng tips til turar, aktivitetar, overnatting eller lokale opplevingar. Gå innom den lokale turistinformasjonen, eller snakk med dei du møter. Vi deler gjerne

Turistinformasjon

Les mer om utvalgte sted og attraksjoner fra FjordKysten og Sunnfjord.

Turistinformasjonen i Florø

Turistinformasjonen i Florø

Turistinformasjonen tipsar deg om kjekke ting å gjere på i FjordKysten og Sunnfjord - gjennom heile året.

Turistinformasjonen i Måløy

Turistinformasjonen i Måløy

Måløy turistinformasjon er din guide til dei skjulte perlene, dei unike opplevingane og dei minneverdige øyeblikka.

Gjenbruksbutikken i Solund

Gjenbruksbutikken i Solund

Gjenbruksbutikken i Solund er lokalisert på butikksenteret på Hardbakke og er også kafé.

Merket for Berekraftig reisemål

Fjordkysten og Sunnfjord er ein del av den nasjonale merkeordninga Berekraftig reisemål. Merket betyr ikkje at destinasjonane er hundre prosent berekraftige, men at dei arbeider systematisk med berekraftig reisemålsutvikling. Forbetringane må dokumenterast kvart tredje år. Ordninga har oppnådd "GSTC-anerkjent status", gjeve av Global Sustainable Tourism Council (GSTC).

Visit Fjordkysten og Sunnfjord er også Miljøfyrtårn, eit symbol på vår forplikting til berekraftig praksis og miljøvenleg turisme. Denne milepælen understrekar vår forplikting til å leie an i å fremje berekraftige praksisar i vår region.

I tillegg gjennomførerer reisemålsleiinga tiltak som informerar, støttar og oppfordrar auka berekraft og miljøsertifiseringar.

Les meir om Merket for Berekraftig reisemål
Besøk FjordKysten og Sunnfjord

Related articles

Turistinformasjon i FjordKysten og Sunnfjord – Finn vegen til dei beste opplevingane

Turistinformasjon i FjordKysten og Sunnfjord – Finn vegen til dei beste opplevingane

Her finn du ei oversikt over turistinformasjon og Visitor Points i regionen, slik at du kan enkelt kan planleggje ditt neste eventyr!

Fjordløftet – hvordan være en god turist i Fjord Norge

Fjordløftet – hvordan være en god turist i Fjord Norge

Vi lover deg en uforglemmelig og skikkelig god reiseopplevelse i Fjord Norge, dersom du kan love oss et par små ting i retur:

Ferdast trygt i FjordKysten og Sunnfjord

Ferdast trygt i FjordKysten og Sunnfjord

Uansett om du ferdast i fjellet, på sjøen eller på ski, er det viktig å vere forberedt og ha nødvendig kunnskap om risiko og sikkerheit. Ved å følge reglane og råda frå pålitelige kjelder som Fjellvettreglane, Sjøvettreglane og sikkerheitstiltak for toppturar, kan du sikre deg sjølv og dine medreisande ein trygg og minnerik tur i dei vakre landskapa i Fjordkysten og Sunnfjord.

Opplev Fjordkysten og Sunnfjord - med omsyn til natur, kultur og lokalsamfunn

Opplev Fjordkysten og Sunnfjord - med omsyn til natur, kultur og lokalsamfunn

Fjordkysten og Sunnfjord er meir enn spektakulær natur, mektige fjordar og ikoniske fjelltoppar. Det er eit levande landskap forma av menneske, kultur og ei djupt forankra kjensle av samspel med naturen. Difor jobbar vi aktivt for å sikre at reiselivet i regionen er berekraftig, slik at framtidige generasjonar kan oppleve den same magiske naturen som du gjer i dag.

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement