Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart

FjordKysten og Sunnfjord

Like nord for Bergen kan du oppdage ei eineståande kystlinje i kombinasjon med eit vakkert fjordrike. Besøk dei sjarmerande øysamfunna, dei kraftfulle fossane, og utforsk den urørte naturen og dei mange historiske attraksjonane og kulturminna.

ei jente går langs ein sti og ser ut mot ein foss som går bak ho. det er haustlige fargar i fjella og rundt ho.
Fossestien|© FjordKysten og Sunnfjord

Her, mellom breen i aust og øyriket i vest, finn du det ekte og urørde Vestlandet. Eit landskap fullt av kontrastar – der mektige fjell stig rett opp frå havet, der fjord møter hav, og der stilla, lyset og naturkreftene gjer kvart augeblink til ei oppleving.

Fjordkysten og Sunnfjord byr på noko av det vakraste Noreg har å by på – tusenvis av øyar, tronge fjordar, fossefall, brear og kulturarv som fortel historia om menneske og natur i samspel. Her finn du òg ein UNESCO Global Geopark – Fjordkysten Regional- og Geopark.

Dette er staden for deg som vil kjenne på roen, rommet og rytmen i naturen – og samstundes kome tett på landskap, kulturarv og lokalsamfunn gjennom kajakkturar, fjellturar, fiske og øyhopping. Her er det god plass og store armslag for alle.

Opplev Fjordkysten og Sunnfjord digitalt og interaktivt – på din måte, i ditt tempo

Ta ein digital rundtur gjennom Fjordkysten og Sunnfjord. Her kan du sjå, utforske og la deg inspirere av landskapet, historia og dei unike opplevingane som ventar.

Reisemål i Fjordkysten og Sunnfjord

Gjennom den interaktive opplevinga over har du fått eit glimt av det som gjer Fjordkysten og Sunnfjord unikt. Her kan du utforske meir. Bli kjend med dei ulike reisemåla, oppdage lokale opplevingar, aktivitetar og overnattingsstader, og finne inspirasjon til ditt eige opphald. Kvar destinasjon har sin eigen karakter og historie, og saman skapar dei eit mangfald av opplevingar du kan utforske heile året.

Florø

Florø

Ved kanten av storhavet ligg Norges vestlegaste by Florø. Med spektakulære øyar og fjordar rundt deg, er dette den ultimate destinasjonen for å oppleve ekte vestlandsk kultur, uansett årstid!

Jølster

Jølster

Omringa av mektige fjell og eit idyllisk vatn er Jølster den perfekte destinasjonen for gode opplevingar.

Værlandet og Bulandet

Værlandet og Bulandet

Midt i havgapet, godt vakta av den majestetiske Alden, ligg øyane som perler på ei snor, vakkert bunde saman av 6 bruer og 5.240m veg.

Kinn

Kinn

Heilt ute i havgapet finn du den irrgrøne, grasdekte øya Kinn, med Kinnakyrkja og Kinnaklova.

Solund

Solund

Med 1700 øyar, holmar og skjer vest i havgapet er Solund eit populært reisemål for alle som leiter etter spennande naturopplevingar.

Hyllestad

Hyllestad

Hyllestad er fylt med små, idylliske stadar der du kan slappe av og nyte. Uansett kva du vel er utsikta over fjorden garantert.

Askvoll

Askvoll

Askvoll er fylt av spanande naturopplevingar. På ein og same dag kan du oppleve vakkert fjordlandskap ved Dalsfjorden og idyll på sjarmerande øyer lengst vest i havgapet.

Førde

Førde

Med elva Jølstra som snirklar seg gjennom landskapet på sin veg mot Førdefjorden har den vesle byen Førde funne si form. Handelssenter og kultursenter med eit rikt tilbod av kafear og spisestader.

Måløy

Måløy

Kom tett på naturen i skiftande vêr, frå strålande sol, strandliv og blikkstille hav, til fyrovernatting med stormbølgjer som slår rundt veggane.

Se alle attraksjoner i FjordKysten og Sunnfjord

Berekraftig reisemål

FjordKysten og Sunnfjord er godkjent for «Merket for berekraftig reisemål» – eit kvalitetsstempel som viser at destinasjonen jobbar målretta og langsiktig for ei meir berekraftig utvikling av reisemålet. Merket betyr ikkje at vi er fullt ut berekraftig som destinasjon, men at vi er forplikta til å ta vare på natur, kultur og lokalsamfunn – og til kontinuerleg forbetring. Les meir om arbeid vårt her.

Reis betre

Når du besøker FjordKysten og Sunnfjord, er du ikkje berre turist – du er ein del av historia vår. Ved å reise med omtanke bidreg du til å ta vare på naturen, kulturen og lokalsamfunna du møter. Små val gjer stor forskjell – for miljøet, for menneska og for opplevinga di.

Aktivitetar i Fjordkysten og Sunnfjord

Landskapet og naturen har blitt forma gjennom tusenvis av år og byr på store variasjonar innanfor korte avstandar. Dette gjer at vi kan by på eit stort utval av aktivitetar – både på, under og over havoverflata

Fossestien

Fossestien

Vandre langs Fossestien til spektakulære fossar som ligg mellom mektige fjell og storslått natur.

Sauna i Måløy

Sauna i Måløy

Flyt Sauna Vågsvåg kombinerar velvære, natur og kystkultur på ein unik måte. Vakkert plassert ved eit gamalt naust på kaikanten i Vågsvåg.

Kystmuseet i Sogn og Fjordane  | Museum i Florø

Kystmuseet i Sogn og Fjordane | Museum i Florø

Ved Kystmuseet i Florø ventar ein spanande kombinasjon av natur og kultur. Museet formidlar historia om livet langs kysten, med fokus på alt frå ferdsel og fiske til kvardagsliv i bygd og by.

Se alle aktiviteter i FjordKysten og Sunnfjord

Overnatting i Fjordkysten og Sunnfjord

Fjordkysten og Sunnfjord byr på eit variert overnattingstilbod. Her kan du bu godt på moderne hotell, komfortable feriehus og hytter, historiske gardsovernattingar eller ei rorbu i sjøkanten. Eller kva med å tilbringe ei natt på eit fyr? Fellesnemnaren for alle tilboda er at den spektakulære naturen er like utanfor døra.

Flatheim

Flatheim

Senk kvilepulsen med overnatting i historiske og unike rom. Tett på naturen, fjellet, elva, lyset og lydane, midt i det vestnorske fjell- og fjordlandskap.

Bremanger Fjordhotell

Bremanger Fjordhotell

Bremanger Fjordhotel ligg Svelgen og er det ideelle utgangspunkter for dagsturar både til fjells og til havs. Hotellet er omringa av fjord, bre og ruvande fjell.

Værlandet Havhotell

Værlandet Havhotell

Har du lyst på ei unik oppleving ved Noregs vestlegaste hotell? Værlandet Havhotell byr på overnatting med havet rett utanfor soverommet!

Alle overnattingssteder i FjordKysten og Sunnfjord
An icon of trees

Populære opplevingar og reisetips

Finn opplevingar, turforslag og reisetips som engasjerer flest, og la deg inspirere til nye eventyr i Fjordkysten og Sunnfjord.

tre hester er i sjøen. dei tre hestane har personer på ryggen. bak dei er det høge fjell. Foto

Vi gir deg 10 tips for høstferie med barn i Norge

Haustferie på Vestlandet gir familien ein perfekt kombinasjon av kultur og aktivitet. Her finn du tips til haustaktivitetar for heile familien.

Høstens beste helgeturer

Høstens beste helgeturer

På jakt etter en helgetur på Vestlandet i høst? Finn tips til romantiske helgeturer, aktive opplevelser, lokalmat, kystidyll og vakre omveier.

to personer ser ut over havet

Storm Watching

Rått, røft og full av kontrastar - i vinterhalvåret visar kysten seg frå sin mest mystiske og magiske side. Opplev ein rå, ufiltrert del av Norge

fjelltur til lihesten. ei jente står og smiler med hendene ute

Toppturar som tek pusten frå deg!

Ja, utsikta vil garantert ta pusten frå deg! Kva med å utforske nye, kanskje mindre kjente fjellturar – utan trengsel?

Les flere artikler om FjordKysten og Sunnfjord

Arrangement verdt å få med seg framover!

Juleeventyr hos Leonards Forlaavelse

Juleeventyr hos Leonards Forlaavelse

Juleeventyr hos Leonards Forlaavelse med juleinspirert buffet, koseleg julehandel og stemningsfulle, julepynta lokale.

Se alle arrangementer i FjordKysten og Sunnfjord

Prøv vår reiseplanlegger!

Finn opplevelser og overnatting og sett sammen reiseruten din. Bruk kartet til å navigere, finn opplevelser som passer dine interesser, og se ruten i kartet. Last ned appen vår og ta med deg reiseplanen din i lommen, og finn opplevelser underveis på reisen.

Foretrekker du papirformat? Skriv ut reiseplanen din, så har du den lett tilgjengelig!

fjordkysten

Følg oss på sosiale media

  • Facebook

    FjordKysten og Sunnfjord

  • Instagram

    FjordKysten og Sunnfjord

  • YouTube

    FjordKysten og Sunnfjord

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement