Hopp til hovedinnhold
Bestill

Museet ligg i eit vakkert kystområde bunde saman med spaservegar og stiar. På uteområdet finn du gamle sjøbuer ein autentisk båtslipp (verkstad) og eit idyllisk kystlandskap knytt saman av spaservegar og bruer. Her kan du utforske fjæra og prøve krabbesnøre i sommarsesongen, samstundes som du lære om Florø si utvikling som kystby. Ei oppleving som balanserer mellom kunnskap og kjensla av frisk havluft! Her er det ulike aktiviteter for heile familien!

Utstillingar:

Museet har 2 utstillingsbygg som formidlar kulturhistoria frå kysten av Sogn og Fjordane, samt skiftande utstillingar.

Arrangement:

Museet har ulike arrangement gjennom året. På nettsida finn du oversikt over kva som skjer.

Mat, drikke og museumsbutikk:

I hovudbygget finn de ein liten kafé med kaffi, kalde drikker og heimelaga kaker. Kystmuseet har og ein museumsbutikk som har eit utval av gåver, garn, souvenirar og barneleikar. I kaféen tilbyr dei gluenfritt / laktosefritt alternativ. Sesong og opningstider:

Sesong og opningstider:

Museet er ope året rundt, med unntak av januar månad, jul, påske og nokre særskilte dagar. Besøk nettsida for informasjon om opningstider.

Tilrettelegging:

Deler av museet er tilrettelagt for menneske med nedsett funksjonsnivå.

Tilkomst:

Kystmuseet ligg ca. 2 kilometer frå sentrum av Florø - om lag 30 minutt gangtid. Det går bybuss frå rutebilstasjonen i sentrum (300 meter frå hamna) om lag kvar heile og halve time. Den bruker ca. 15 minutt til Brendøyvegen og derifrå er det ca. 600 meter å gå til Kystmuseet. Privatbilar kan køyre via Brendøyvegen heilt fram til parkering ved utstillingshallane. Frå Florø sentrum følgjer du skiltinga i retning flyplassen til du ser skilt med "Kystmuseet" på.

Grupper som kjem med eigen buss, kan køyre til bussparkeringa i Båtevika og gå gangstien gjennom uteområdet fram til museet. Alternativt kan bussen setje av gruppa ved avkøyrsla til museet i Brendøyvegen. Derifrå er det 100 meter til inngangen.

  • Facebook logo
  • Instagram logo
  • Trip Advisor logo

Musea i Sogn og Fjordane

Se alle tilbudene til Musea i Sogn og Fjordane

Tider

4. februar - 14. juni

Mandag:
Stengt
Tirsdag:
10:00–15:00
Onsdag:
10:00–15:00
Torsdag:
10:00–15:00
Fredag:
10:00–15:00
Lørdag:
Stengt
Søndag:
Stengt

15. juni - 17. august

Ukedager:
11:00–17:00
Lørdag:
12:00–16:00
Søndag:
12:00–16:00

Priser

Vaksne :
NOK 130
Honnør / Student:
NOK 100
Barn 0-17 år:
Gratis
Årskort:
NOK 430
Museumspass (2 mnd sesongkort) :
NOK 240

Kontakt

Adresse:
  • Brendøyvegen 25B
  • 6900 Florø
Telefon:
+47 98 26 98 54
E-post:
ksf@misf.no
Nettside:
misf.no/kystmuseet

Fasiliteter

Kafé:
Guiding tilgjengelig:
Barnevennlig:
Salgsutstilling:
Parkering:
Toalett:
Sesong:
  • Høst
  • Vår
  • Sommer
  • Vinter

Hvor er Kystmuseet i Sogn og Fjordane | Museum i Florø