Hopp til hovedinnhold

Kystbyen Florø

Florø ligg idyllisk til ved kysten av Vestland og er sterkt tilknytt havet. Her finn du eit aktivt kulturliv med lokale festivalar og arrangement, koselege kafear med flott atmosfære og spektakulær natur med fjordar, øyar og fjell.

Senter for sildefisket

Florø fekk bystatus i 1860 og var då senter for sildefisket både på 1800-talet og i 1950-åra. Den tidlegare kommunen Flora vart ved fleire høve kåra til den trivelegaste bykommunen i landet. Kystmuseet i Florø gir deg innblikk i områdets historie.

Opplev øysamfunna i Florø

Byen er omringa av ein rekke øyer som er ein del av kystlandskapet. Her kan du besøke mektige Kinnaklova, som mellom anna er kulisse i storfilmen «dune», og besøke den vakre og frodige øya Svanøy som gjennom tida har vore både adelssete og bispegods.

Båtruter i Florabassenget

Frå Fugleskjærskaia i Florø har den lokale rutebåten fleire avgangar i løpet av dagen slik at du enkelt kan reise til og frå. Her finn du nyttig informasjon om reisa di

Et merkeikon

La deg inspirere

Finn idear og inspirasjon til din draumeferie i Florø

Kommende arrangementer