Bli bergtatt av øya, historia, mellomalderkyrkja og den berømte Kinnaklova som også er eit kjend seglingsmerke langs skipsleia.
Kvar ligg Kinnaklova?
Kinnaklova ligg på øya Kinn utanfor Florø i Kinn kommune. Øya er om lag 2,5 km2 og har sitt høgaste punkt på 315 moh. Øya er utan vanleg bilveg.
Korleis komme seg til Kinnaklova?
Den lokale skyssbåten går frå Florø Terminal og ut til øyane kvar dag. Det er totalt fem båtruter som går ut til Kinn kvar dag, måndag til fredag. Laurdag og søndag går det to båtruter. Les meir om rutetider frå Florø til Kinn her.
Reise til Kinn med eige båt
Det er ei lita flytebrygge kvar du kan legge til med eige båt. Prisen er 100,- pr. 4 time og 200,- pr. døgn. Det enklaste er å legge båten din i Rognaldsvågen og bruke jolla over til Kinn.
Sesong for fjellturen til Kinnaklova
Om vinteren kan Kinnaklova vere dekt med is eller snø, og det er difor anbefalt å ta turen opp på fjellet i perioden det ikkje er snø eller is. Sesong for turen kan difor variere, men vert satt om lag kring februar / mars - oktober / november.
Turbeskriving til Kinnaklova
Turen til Kinnaklova startar frå rutebåtkaia på øya Kinn. Frå kaia tek du til høgre og følger den 1 km lange grusvegen til Kinnakyrkja. Turen frå kaia til kyrkja tek om lag 20 minutt i roleg gange.
Frå kyrkja går du forbi eit gjerde mot den ruvande Kinnaklova. Ønskjer du å gå opp i skaret mellom dei to klovane må ein ha gode sko og god tid. Her er det mykje lause steinar i eit bratt terreng. Midt i klova går stien noko til høgre slik at det er lettare å gå. Her er flott å sjå Kinnakyrkja i aust og havet i vest.
Mat og drikke på Kinn
Skal du reise til Kinn, er det viktig å ta med mat og drikke sjølv. Det er verken servering eller butikk på øya, så du må ta med deg det du treng for opphaldet.
Toalett på Kinn
Når det er vertskap på Kinn, frå midten av juni til slutten av august, er det toalett ved Kinnakyrkja.
Frå september til midten av juni er det ikkje ope toalett på Kinn.
Kinnakyrkja er stengd frå september til midten av juni. I denne perioden er kyrkja berre open etter førespurnad eller i samband med arrangement i Kinnakyrkja.