Hopp til hovedinnhold
Bestill

Frå kystbyen Florø går lokalbåten mellom øyar og skjer ut til øya Kinn.

Kvar går rutebåten frå?

Den lokale skyssbåten går frå Fugleskjærskaia i Florø og ut til øyane i Florø kvar dag. Det er totalt fem båtruter som går ut til Kinn kvar dag, måndag til fredag. Laurdag og søndag går det to båtruter.

Turistruta i sommarsesongen

Om sommaren vert det satt opp ei ekstra båtrute klokka 12.00. Båten går om lag frå slutten av juni til begynnelsen av august. Sjå entur.no for meir informasjon om turistruta.

Korleis finn du rutetidene til båten frå Florø til Kinn?

Det er enkelt å søke om rutetider på entur.no. Legg inn frå: Florø kai, Kinn Til: Kinn kai, Kinn. Du vil då få opp alle rutene som går for den valgte dagen.

Korleis kjøper vi billettar til båten frå Florø til Kinn?

Du kjøper billettar til rutebåten om bord. Det kostar om lag 90,- for ein vaksen per veg, barn / honnør betalar halv pris.

Kinn er eit stjernestopp. Kva betyr det for meg?

Ein del av stoppa i Florabassenget er såkalla "stjernestopp", også kalla "ringestopp". Dette betyr at båten kjem til Kinn på oppsette tider dersom mannskapet veit at det er passasjerar. Du må difor ringe båten før den går frå Florø slik at dei veit at du ønskjer å vere med båten i retur frå Kinn til Florø.

Korleis finn du telefonnummeret som du skal ringe?

Når du søker etter rutetider på entur.no og trykker på "merknader" får du opp telefonnummeret til båten. Du må ringe båten før den går frå Florø

Kontakt

Adresse:
  • Fugleskjærskaia 16
  • 6905
  • Kinn
Telefon:
+47 57 75 70 00
E-post:
post@fjord1.no
Nettside:
entur.no/

Fasiliteter

Sitteplasser på dekk:
Toalett:

Hvor er Båtrute fra Florø til Kinn?