Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Nyttig informasjon

Båtruter i Florø

Sommar, haust, vinter og vår
Sist oppdatert: 24.09.2024
ein mann står og held rundt ein kvinne. dei er på ein båt som er ute på sjøen. dei smiler og ser to forskjellige vegar.
Nyt reisa i Florabassenget|© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
Nyt reisa i Florabassenget|© Visit Fjordkysten og Sunnfjord

Ta rutebåten i Florø og opplev dei vakre øyane i Florabassenget. Dette er ein båttur du seint vil gløyme

Frå Fugleskjærskaia i Florø har rutebåten fleire avgangar i løpet av dagen slik at du kan oppleve dei flotte øyane i Florabassenget. Her finn du informasjon om korleis du enkelte kan navigere deg rundt.

Rutetider

Rutebåten som driftes av Norled går frå Fugleskjærskaia i Florø og har daglege avgangar. På skyss.no eller på Norled sine heimesider kan du legge inn avreise og ankomst og kvar tid du ønskjer å reise, så vil du få opp alle rutetidene til den gitte destinasjonen.

Stjernestopp*

Enkelte stopp, slik som på Kinn er såkalla stjernestopp. Du må difor førehandstinge rutegåande båt før den har avgang frå Florø. Du finn informasjon om kva øy som er stjernestopp på skyss.no

Booking og betaling

Det er ikkje mogleg å tinge plass for gåande passasjerar ombord i båtane, men det er svært viktig å tinge anløp av båten før avgang frå Florø om du skal til eit såkalla stjernestopp. Om du skal reise med bil må du hugse å tinge plass her. Denne plassen kan du tinge fire veker før avgang.

Alle billettane betalar du ombord.

Båtrute frå Florø til Kinn

Den mest etterspurte båtruten er frå Florø til øya Kinn der du kan oppleve Kinnaklova, mellomalderkyrkja og den vakre naturen. Under finn du detaljert informasjon om reisa frå Florø til Kinn

Båtrute fra Florø til Kinn

Båtrute fra Florø til Kinn

Reis frå Florø til øya Kinn og la deg bergta av øya, historia, mellomalderkyrkja og den vakre naturen!

Båtruta frå Florø til Kinn høyrer til under rutetabell 292 og har mellom anna stoppestad på Barekstad - Batalden - Fanøy - Rognaldsvågen - Kinn. På skyss sine sider under båtar i Sunnfjord finn du detaljert rutetabell med informasjon om rutetider, og direktenummer til passasjerbåten.

Lokalbåten fraktar deg frå Florø til Askrova. Ønskjer du å ha med bil må du hugse å tinge plass god til i forvegen.

Båtrute Florø - Barekstad - Batalden - Fanøy - Rognaldsvåg (Reksta) og Kinn

Reis med Norled sine bil- og passasjerferger til Barekstad, Batalden, Fanøy, Rognaldsvåg (Reksta) og Kinn i Florabassenget: øyane nord og sør for Florø

Reis til Svanøy, den sørlegaste og frodigaste øya i Florø

"Sunnfjords perle" Svanøy har opplevingar for både liten og stor, og byr på store natur- og kulturopplevingar. I rutetabell 291 under båtar i Sunnfjord: Florø - Veisund - Askrova -Stavang og Svanøy finn du informasjon om rutetider og kontaktinformasjon til passasjerbåten.

sjø og rutebåt

Båtrute Florø - Veiesund - Askrova - Stavang - Svanøy

Reis med Norled sine bil- og passasjerferger til Veiesund, Askrova, Stavang eller Svanøy i Florabassenget: øyane sør for Florø

Reis med Kystvegsekspressn mellom Florø og Måløy

Ønskjer du å reise mellom dei to byane Florø og Måløy er Kystvegsekspressen eit fint alternativ. Her kan du enkelt reise på dagsturar mellom byane.

Kystvegsekspressen

Les mer om utvalgte sted og attraksjoner fra FjordKysten og Sunnfjord.

Båtrute frå Florø til Måløy - Kystvegsekspressen

Båtrute frå Florø til Måløy - Kystvegsekspressen

Ønsker du å reise mellom dei to byane Florø og Måløy er Kystvegsekspressen eit fint alternativ.

Båtrute frå Måløy til Florø - Kystvegsekspressen

Båtrute frå Måløy til Florø - Kystvegsekspressen

Ønsker du å reise mellom dei to byane Måløy og Florø er Kystvegsekspressen eit fint alternativ.

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement