Hopp til hovedinnhold
Bestill

Norsk Hjortesenter er nasjonalt kompetansesenter for hjort og ligg idyllisk til på Kvalstad Gard. Dei driv med oppdrett av hjort og dåhjort. Låven på garden huser i dag moderne konferanserom til 40 personar, serveringslokale til 140 personar, viltslakteri og kjøkken.

Her kan du ha møter og ete nydeleg mat i fred og ro, utan å bli forstyrra av verken andre folk eller mobiltelefonen din. Ei omvising blant dyra vil gje deg ei oppleving du seint vil gløyme.

Bli med på fôring av hjort og høyr om hjorten sitt hemmelege liv

Det er mogleg å tinge omvising på Hjortesenteret. På omvisinga får du vere med å fôre og klappe hjortane. Du får og sjå på utstillinga og lære ting få veit om hjortane sitt hemmelege liv.

For å kome til Svanøy må du reise med hurtigbåt frå Florø hamneterminal. Sjekk Skyss sine heimesider for å finne kva båtruter som kan passe deg og ditt følgje. På Hjortesenteret si heimeside (hjortesenteret.no) finn du pris og meir informasjon om omvisinga og moglegheiter for transport på Svanøy.

  • Trip Advisor logo

Kontakt

Adresse:
  • Kvalstad
  • 6914 Svanøybukt
Telefon:
+47 577 52 180
E-post:
hjort@hjortesenteret.no
Nettside:
hjortesenteret.no/besoke-oss-pa-svanoy/

Fasiliteter

Guiding tilgjengelig:
WIFI/Internett:
Tilrettelagt for bevegelseshemmede:
Toalett:
Parkering:
Sesong:
  • Sommer

Hvor er Norsk Hjortesenter