Svanøy er den sørlegaste og frodigaste øya i Kinn kommune – ei idyllisk øyperle der natur, historie og ro møtest i perfekte omgjevnader. Øya har ei rik og mangfaldig fortid som strekkjer seg langt attende i tid, og kvart steg her kjennest som ei reise gjennom historia.
På 1800-talet var Svanøy eit viktig senter i regionen, med stor aktivitet innan eksport og skipsfart. Over 100 mann arbeidde i kopargruvene, og haugianarane dreiv storproduksjon av salt. Her vart det bygd skip, drive storgard og skapt eit levande samfunn midt ute i fjorden.
Ein kulturarena i havgapet
Svanøy er ei øy med rik kulturarv og lange tradisjonar. Norsk Hjortesenter har gjort øya til eit nasjonalt senter for hjorteforvaltning, der du kan lære om hjorten si rolle i natur og næring.
Svanøy Hovedgård, med røter tilbake til 1600-talet, er eit viktig kulturhistorisk samlingspunkt og gir eit unikt innblikk i øya si historie. I dag er Svanøy kjend for eit aktivt og framoverlent kulturliv, med festivalar, konsertar og kunstutstillingar som skaper liv og engasjement gjennom heile året.
Øya rommar også unike kulturminne – som eit steinkors reist til ære for heilage Olav og ein offerplass frå vikingtida. Svanøy Hovedgård er ein nøkkelstad langs Kystpilegrimsleia.
Eit levande lokalsamfunn
I dag bur det rundt 100 innbyggjarar på Svanøy, og lakseoppdrett er ei av næringane som gir livsgrunnlag her.
På øya finn du daglegvare, gjestehamn, Norsk Hjortesenter og den historiske Svanøy Hovedgård. Svanøy er som skapt for opplevingar i roleg tempo – med ypparlege sykkelvegar og sykkelutleige rett på kaia.