Svanøybukt har ruteanløp, gjestehamn, sykkelutleige, kro og landhandel og er ein møteplass for båtfolk, innbyggjarar og ferierande. Det er matservering på kroa om ettermiddagen der ein kan få lokalprodusert mat. Det er tilgang til dusj, toalett og vaskemaskin heile døgnet. Butikken formidlar informasjon om hytter til leige. Svanøy har ei rik og mangfaldig historie frå tida som adels- og futsete med gruvedrift, haugianarar og restar etter vikingstida. Svanøy Hovudgård frå 1600-talet, Erikstad Gard og Norsk Hjortesenter må du få med deg når du besøker Svanøy. Ein sykkeltur rundt øya er ei flott oppleving. Syklar kan ein leige på butikken. Velkomen til Svanøy!

Kontakt

Adresse:
  • 6914
  • Kinn
Telefon:
57 74 00 29
E-post:
post@seglinn.com
Nettside:
www.seglinn.no

Hvor er Svanøy Handel?