Hopp til hovedinnhold
Bestill

Ønskjer du ei heilt spesiell oppleving? Då er overnatting på Svanøy Hovedgård noko for deg. Her vil du finne roen, kjenne på historia i veggane og få servert lokalprodusert mat frå øya og havet rundt.

Føl deg som heime i dei mange stovene i denne ærverdige bygningen. På Svanøy Hovedgård vil du få anledning til å nyte maten i spisestova med handmåla tapetar medan du nyt utsikta til hagen og bukta nedanfor - slik adelsmenn og haugianarar gjorde i si tid. For denne staselege hovedgården ligg vakkert til med utsyn over Svanøybukt og Brufjorden. Heilt sidan vikingtida har Svanøy vore eit knutepunkt og senter langs kysten. Svanøy Hovedgård var både adelssete og bisepegods. Haugianarbevegelsen bygde hovedhuset slik det framstår no.

Hovedgården har overnatting til 40 personer. Det vil bli servert frukostbuffé, og du kan bestille 3 retters middag på fredags kvelden. Lunsj etter førespurnad. 

SVANØY

På Svanøy kan du vandre i Eirik Blodøks sine fotspor, høyre om tida som adelssete og om driftige haugianarar i si tid, medan du nyt den vakre naturen. Med turstiar på fjell og langs vatn, lune badevikar, flotte sykkelvegar og havet utanfor, er det berre fantasien som set grenser for aktivitetane.

Velkomen til ei herskapeleg oppleving!  Vi anbefaler deg å vere rask med årets booking! 

 

    Kontakt

    Adresse:
    • 6914 Svanøybukt
    Telefon:
    40402459
    E-post:
    booking@svanoy.com
    Nettside:
    www.svanoy.com

    Fasiliteter

    Unik overnatting:
    Frokost:
    Restaurant:
    Sesong:
    • Høst
    • Sommer
    • Vinter
    • Vår

    Hvor er Svanøy Hovedgård?