Øyriket Solund ligg kun to timar frå Bergen og er knytta til riksvegnettet med ferge mellom Rutledal i Gulen, Rysjedalsvika i Hyllestad til Krakhella i Solund.
I Solund kan du oppleve dei vestlegaste øyane i Norge og komme tett på det spektakulære landskapet med tusenvis av øyer, holmer og skjer. Den lokale postbåten i Solund binder øysamfunnet saman ved å levere post og transportere fastbuande frå ein øy til ei anna. Om sommaren kan du bli med den lokale postbåten til Solund, Bulandet og Værlandet. Det er fint å kombinere øyhopping med sykkelopplevingar, og her kan du sykle på lite trafikkerte vegar som innbyr til fine natur- og sykkelopplevingar.
