Når vinterstormane rullar inn frå havet, viser Solund seg frå si råaste side. Vinden tek tak, bølgjene bryt mot svaberga og lyset endrar stadig landskapet. Saman med ein lokal guide kjem du tett på naturkreftene - på ein trygg og opplevingsrik måte.
Kjenn kreftene frå havet
Solund ligg heilt ytst på vestlandskysten, der storhavet møter eit landskap av øyar, holmar, skjer og karakteristisk konglomeratstein. Her har vind og bølgjer forma både naturen og livet langs kysten gjennom generasjonar.
Sognefjord Active tek deg med ut for å oppleve dette landskapet når vêret verkeleg visar krefter. Guiden kjenner området og finn dei gode stadene der du kan sjå bølgjene slå mot land, kjenne sjøsprøyten i lufta og oppleve dramatikk frå trygg avstand.
Vandring gjennom det særprega kystlandskapet
Stormwatching handlar ikkje berre om å vente på dårleg vêr. Det handlar om å oppleve kysten på hennar eigne premissar.
På rolege dagar opnar det seg andre moglegheiter. Sognefjord Active kan ta deg med på guida vandring gjennom det særprega kystlandskapet, der du får bli betre kjend med naturen, historia og livet langs kysten.
Når forholda ligg til rette for det, er kajakken ein heilt eigen måte å oppleve øyriket på. Frå sjøen kjem du tett på holmar, skjer og spor etter menneska som gjennom generasjonar har nytta sjøen som ferdselsveg.