Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Natur og attraksjoner

Stormwatching

Vinter
Sist oppdatert: 28.02.2025
to personer ser ut over havet
Stormwatching |© Visit FjordKysten
Stormwatching |© Visit FjordKysten

Rått, røft og full av kontrastar - i vinterhalvåret visar kysten seg frå sin mest mystiske og magiske side. Opplev ein rå, ufiltrert del av Norge

Reis på stormjakt!

Vinteren langs kysten av FjordKysten og Sunnfjord er ofte ei stormfull oppleving, kombinert med eit fantastisk vinterlys. November til februar er høgsesongen for stormar! Kaldt vêr med snø er heller sjeldan på våre kantar, men vindfulle dagar har vi mykje av! Regionen er det mest stormfulle området i Sør-Norge, og det byr på spektakulære naturopplevingar!

Opplev den rå, ufiltrerte delen av Norge

Regionen er på sitt mest romantiske på vinteren, og det er fantastisk å ta nokon dagar fri for å oppleve naturkreftene. Her kan du oppleve den rå, ufiltrerte delen av Norge i trygge omgivelser saman med ein guide. Reis på stormjakt, vandre i flott kystlandskap, nyt god mat og bu godt.

Nokre dagar er klare og solrike, men som regel er stormfullt vêr rett under hjørnet. Å sjå bølgjane slå mot land frå eit utsiktspunkt i havgapet er eit fasinerande syn. Det milde klimaet gjer at du kan gå mange flotte turar året rundt. Når du treng ein pause frå ruskevêret kan du besøke lokale galleri og museum.

to personer sitter i stoler og ser ut vinduet frå hotellrommet
Halve opplevinga er kosen inne | © Visit FjordKysten

Møt eit vertskap som står i sterk kontrast til det røffe kystklimaet

For det å bu godt er ein viktig del av opplevinga. Her kan du fyre i peisen om det fins, kryp under eit teppe og nyt varm drikke i koppen saman med dine nærmaste. Overalt møter du eit godt vertskap - det røffe kystklimaet vårt står i sterk kontrast til dei hyggelege folka som tek deg i mot.

Gode matopplevingar

Vertskapet ønskjer å gi deg og dine nærmaste gode matopplevingar og vil legge til rette for at dykk får den beste opplevinga.

to damer sitter å koser seg og spiser middag. ho eine ser på den andre, medan den andre ser rett fram og smiler. dei snakker med en som vi ikkje ser på bildet
Få gode matopplevingar | © Visit Fjordkysten og Sunnfjord

Reis på stormjakt!

Les mer om utvalgte sted og attraksjoner fra FjordKysten og Sunnfjord.

Stormwatching i Solund

Stormwatching i Solund

Dra på stormjakt i Solund og opplev ein rå, ufiltrert del av Norge

Vinteropplevingar i FjordKysten og Sunnfjord

Sunnfjord er kjent for flotte bunader og fjordlandskap, men har du sett skimulighetene her?

Sunnfjord - det nye skiparadiset

Sunnfjord - det nye skiparadiset

Sunnfjord er kjent for flotte bunader og fjordlandskap, men har du sett skimulighetene her?

Ditt vertskap i Fjordkysten og Sunnfjord

Ditt vertskap i Fjordkysten og Sunnfjord

Vi inviterer deg hit, ikkje berre for å utforske, men kanskje mest av alt for å kjenne at du lever. Her er som for deg. Nær kultur og natur. Nær livet.

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement