Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Reisetilbud

Høstens beste helgeturer

Haust
Sist oppdatert: 03.09.2026

På jakt etter en helgetur på Vestlandet i høst? Finn tips til romantiske helgeturer, aktive opplevelser, lokalmat, kystidyll og vakre omveier.

Venninetur, romantisk tur eller guttetur. Nokre av dei finaste opplevingane startar med ei ledig helg. Vi gir deg tips til helgeturar på Vestlandet, anten du er på jakt etter romantiske opplevingar, ein aktiv helg, på jakt etter kulinariske opplevingar eller ynskjer å finne den ultimate omvegen.

For den romantiske …

Ta ein pause frå kvardagen, senk skuldrene og nyt dagar saman. Her er fleire stader vi anbefaler for ein romantisk helgetur.

Jølstraholmen

Viss du vil overraske kjæresten med den ultimate kjæresteturen er Jølstraholmen eit fantastisk val. Med sine unike suiter rett ved elvekanten, sauna og kulinariske matopplevingar tilbyr Jølstraholmen full pakke for ei unik oppleving.

Jølstraholmen er kjend for elvasuiter og den unike plasseringa rett ved elva Jølstra. Her kan du bu i elvasuiter, deluxe-hytter, eller i dei eksklusive Grindesuitene. I same bygg finn du restauranten Kraftverket der menyen er basert på lokale råvarer smakane frå sesongen. Her får du ein nøye komponert trerettars meny kvar torsdag til laurdag.

Avslutt dagen med ein tur i saunaen, og ta deg eit forfriskande bad i det naturlege bassenget eller i elva om du tør. Her treng du ikkje forlate området heile helga.

Eit par sit i sine godstolar og nytt kvelden framfor vindauget. Elva går stri rett forbi. Vi ser litt frå senga der det ligg pledd og handdukar. Hytta er bygd som ein omvendt V slik at det er høgt under taket.
Dei populære elvesuitene er perfekt for ein romantisk helgetur | © Visit Fjordkysten og Sunnfjord

Skjerjehamn

På ein liten holme i havgapet finn du Skjerjehamn. Her kan du bu i den gamle sveitservillaen, som har bevart den opphavlege karakteren frå slutten av 1800-talet. Alle romma er unike, og opphaldet inkluderer ein fantastisk frukost i steinkjellaren.

Her kan du nyte ei fredfull stund i badestampene ved sjøkanten, gå korte turar i nærområdet, utforske kunst og kultur, dra på RIB-safari eller nyte den gode atmosfæren i Skjenkestova.

På Skjerjehamn lever dei for filosofien frå fjord til bord. Skjerjehamn er ein del av Firda Seafood-familien, og har ein heilt unik tilgang til noko av verdas beste aure, som er sjølve hjørnesteinen i menyen.

Skjerjehamn er spesielt kjend for fiskesuppa si, men menyen lever i takt med årstidene. Her hentar dei inspirasjon frå kysten, skogen og det dei lokale gardene i Gulen har å by på til kvar tid. Skjerjehamn prioriterer alltid lokale leverandørar som delar same kjærleik til godt handverk.

Eit nattbilete av den gule sveitservillaen. Det er lys i vindauga og nokre lys ute som skin opp bygget. Eit lite raudt bygg på høgre side har og tente lys inne. Bygga speilar seg i sjøen som ligg rett nedanfor. Nokre tre står rundt bygget. Ei flaggstang står midt i fronten. Himmelen er mørk men vi ser stjernene.
Skjerjehamn om kvelden under stjernehimmel | © Visit Fjordkysten og Sunnfjord

Svanøy Hovedgård

På den frodige øya Svanøy utanfor Florø finn du Svanøy Hovedgård. Hovedgården har ei historie som strekkjer seg fleire hundre år tilbake i tid, og dei historiske omgjevnadene gir opphaldet ei heilt eiga stemning. Maten du får servert kjem frå lokale råvarer, med det beste frå både skogen og havet.

Svanøy har lenge vore eit senter for hjorteforvaltning, og har ein fantastisk fauna og flora. På Norsk Hjortesenter kan du sjå, møte, jakte og smake på noko av det beste viltkjøttet norsk natur kan by på. I tillegg er øya kjend for sine kulturarrangement, som tiltrekkjer seg både lokalbefolkning og besøkande frå heile landet.

Eit av romma på Svanøy Hovedgård
Eit av romma på Svanøy Hovedgård | © FjordKysten og Sunnfjord

Kom tett på naturen - og kvarandre

Det dukkar stadig opp fleire unike overnattingsstader i Norge, og FjordKysten og Sunnfjord er ikkje noko unntak.

I regionen finn du fleire Birdboxar der de kjem tett på naturen, utan at de treng å gi slepp på verken komfort eller privatliv. Med store vindauge mot utsikta, og få naboar, ligg alt til rette for å nyte både naturen og kvarandre - heilt uforstyrra.


Finn din Birdbox

Kvar birdbox gir deg ei unik oppleving, og utsikt.

Birdbox Reksta

Birdbox Reksta

Velkomen til Birdbox Reksta, idyllisk plassert på øya Reksta utanfor Florø. Her kan du oppleve kystens råskap frå senga

Birdbox Langeland

Birdbox Langeland

Birdbox Langeland er ei spektakulær overnatting i fantastiske omgjevnader.

Storehesten Panorama

Storehesten Panorama

Sov godt under den mektige Storehesten i ei spektakulær birdbox!

For den kystglade ...

Kysten på Vestlandet er langstrekt, og ofte mindre besøkt. Men det betyr ikkje at han er mindre spektakulær. Stader som Solund og Værlandet og Bulandet har fleire fellestrekk som er verdt å legge til lista over stader ein bør besøke; dei fleire hundre øyane, og det karakteristiske landskapet.

Solund

Solund består av 1700 øyer, holmer og skjær og er kjend for sitt svært spesielle landskap. Landskapet er dominert av konglomerat, med steinblokkar som vart liggjande att etter istida. Tilfeldige steinblokker som ligg på høge fjelltoppar, og nedover bratte fjellsider er eit spesielt syn.

Om hausten kan du gå på fjellturar i det karakteristiske landskapet, bli med på villsausafari og lære om kysttradisjonar.

Utvær
Utvær | © FjordKysten og Sunnfjord

Værlandet og Bulandet

Værlandet og Bulandet er Norges vestlegaste øysamfunn og ligg ein times fergetur frå kommunesenteret Askvoll. Det er enkelt å reise kollektivt med ekspressbåt frå Bergen til Askvoll, og ferge frå Askvoll til Værlandet og Bulandet. På øyane er det fint å bruke sykkel som framkomstmiddel. Sykkel kan du leige på Joker-butikken på Værlandet når du kjem i land.

Værlandet og Bulandet er bundne saman av seks bruer og 11 km med veg. Terrenget er storslått, og øybuarane er svært stolte av staden sin. På vegen mellom bygdene kan du oppleve utandørs kunstinstallasjonar, fargerike busskur, sjarmerande sjøbuer, og unike utsiktspunkt. Dei mest populære utsiktspunktene finn du med dei store kamskjella der du kan sitte og nyte utsikta.

Om hausten og vinteren er stormjakt ein populær aktivitet. Vi anbefaler å overnatte på Værlandet Havhotell for ei mektig oppleving. Ynskjer du ei hytteoppleving finn du eit rikt utval av hytter og sjøbuer.

Dronebilde av øyane i Bulandet og Værlandet. Lengst unna ser vi Alden. Foto
Værlandet og Bulandet | © Vegard Vike Engum
Sjå overnattingstilbodet i Værlandet og Bulandet

For den aktive ...

Kvar sti, topp og utsiktspunkt vert ekstra vakker når haustfargane smyg seg over landskapet. Å gå på fjelltur på Vestlandet om hausten er ei vakker oppleving. Her er våre favoritter.

Reis til Hyllestad og gå ein av dei mange fjellturane på Lihesten. Her kan du bruke timar og dagar i det massive fjellet. Den mest populære turen går til Gygrekjeften via 3L-stølane. Dei populære sherpatrappene opp skaret gir deg ein luftig oppleving.

Bu på Hotel Sognefjord, eit koseleg hotell med sentral plassering. Ynskjer de å leige ei hytte eller bu på hostel er det gode moglegheiter for det i Hyllestad.

Tur opp til Risnesnipa
Tur opp til Risnesnipa | © FjordKysten og Sunnfjord
Sjå overnattingstilboda i Hyllestad

Hamnanova

Jølster er mekka for fjellturar med flott utsikt over Jølstravatnet og omliggjande dalar og brear. Hamnanova tek deg gjennom eit variert terreng med stigning på om lag 350 høgdemeter. Belønninga på toppen er ein storslått utsikt.

eit motiv med ein fjord og høge fjell med snøtoppar. det er grøne trer med eit hint av oransje. det er også grøne og oransje element i graset. i midten av bilde står ei jente og ser utover utsikten
© Visit FjordKysten og Sunnfjord

Bolsetnipa

Ynskjer du ein litt lengre tur kan vi anbefale Bolsetnipa, 1210 moh. Dette er ein middels krevande fottur (graderingssystem til ut.no), med godt merka og skilta sti heile vegen. Frå toppen har du utsikt over Jølstravatnet, Våtedalen, Eggenipa, Stardalen og Snønipa. Turen egnar seg godt for fjellvandrarar som likar turar som ikkje vert for bratte.

Sjå overnattingstilboda i Jølster

Fleire toppturar som tek pusten frå deg

FjordKysten og Sunnfjord kan skimte med fleire flotte fjellturar, og det beste med turane er at du kan gå utan kø og trengsel. Ynskjer du fleire tips til flotte fjellturar anbefalar vi at du sjekker ut artikkelen toppturar som tek pusten frå deg.

For den kulturinteresserte ...

Sunnfjord er destinasjonen for deg som ynskjer å kombinere ein helgetur med kunst, kultur og historie. Her finn du eit breitt spekter av museum, galleri, historiske stader og kulturarrangement gjennom heile året.

I Jølster kan du bli betre kjend med Nikolai Astrup og kunsten hans på Astruptunet. Her kjem du tett på både kunstnaren, heimen hans og landskapet som inspirerte fleire av dei mest kjende motiva hans. Kombiner besøket med ein tur til Eikaasgalleriet, som er vigd kunstnaren Ludvig Eikaas.

I Førde kan du besøke Sogn og Fjordane Kunstmuseum og Sunnfjord Museum, medan Hestad kapell gir eit innblikk i historia langs Gaularvassdraget. Legg gjerne inn ein konsert, ei utstilling eller eit anna kulturarrangement – og gjer kulturen til ein del av sjølve helgeturen.

Astruptunet
Astruptunet | © FjordKysten og Sunnfjord

For den matglade ...

For den matglade byr regionen på fleire opplevingar som er verdt ei reise i seg sjølv. Fleire av stadene i denne artikkelen kombinerer overnatting med matopplevingar der lokale råvarer står i fokus.

Ei oppleving som folk reiser ekstra langt for å få med seg, er Leonards Forlaavelse i Hellevik i Fjaler. I eit sjarmerande lite bygg kan du smake deg gjennom ostar, skinker, låvebakst og lokale råvarer. Tone inviterer til sesongbaserte opplevingar, og dekkjer på eit fantastisk bord.

Buffet hos Leonards Forlaavelse. Fire damer går rundt bordet og forsyner seg. Foto
Nyt fantastisk mat hos Leonards Forlaavelse | © Visit FjordKysten

Tone er også initiativtakar til Smakeriet, eit lokalt smakeri og lokalmatbutikk med produsentar frå regionen. Her får du ekte smakar frå nærområdet, produsert med stoltheit, kvalitet og omtanke. Smakeriet finn du i Dale sentrum.

For den byglade ...

Reis til småbyane der stressnivået ligg i det nedre sjiktet, og opplevingane står i kø.

Florø

Florø ligg idyllisk til på kysten, og er enkelt å nå med ekspressbåt frå Bergen, eller fly frå Oslo eller Bergen.

Den mest kjente severdigheita i Florø er øya Kinn med den ruvande Kinnaklova og Kinnakyrkja frå 1100-talet. Her kan du reise ut med rutebåten frå Florø og Kinn. Les deg opp på rutetidene før du reiser ut.

I sentrum av Florø finn du ei sjarmerande handlegate, restaurantar som byr på gode matopplevingar, Kystmuseet og flotte, korte sentrumsnære turar med utsikt over byen og øyane rundt.

Florø er glad i å halde gatene levande, og arrangerer ofte ulike aktivitetar og arrangement som held liv i byen. Om vinteren kan du mellom anna sjå den flotte julegata med julemarknad. Er du på jakt etter ein saunaoppleving har Florø to flotte saunaer på kvar sin ende av byen.

Florø sentrum. Båtane Atløy og Loyal ligg til kai. I gjestebrygga er det ein del båtar. Vi ser kyrkja og Lisjeåsen og Storeåsen som ligg bak kyrkja. Foto.

Førde

I Førde står kunst- og kulturlivet sterkt. Sogn og Fjordane Kunstmuseum presenterer varierte kunstutstillingar frå både moderne og klassiske kunstnarar.

Opplev Huldefossen, ein imponerande foss med eit fall på 92 meter. Han er blant dei mest fotograferte fossane på Vestlandet.

Reis på dagsutflukt til Jølster eller Nasjonal turistveg Gaularfjellet. Førde er det største handelssenter, og har eit godt shoppingutval. Utforsk eit variert utval av butikkar, og nyt eit godt utval av restauranter og kaféar. Her finn du noko for einkvar smak.

Ein person sitter på enden av eit fjell og ser ut over. utsikten er over ein by med masse hus, og ein fjord som går mellom høge fjell
© Visit FjordKysten og Sunnfjord

Måløy

I Måløy kan du bli sjarmert av dei koselege gatene med dei kreative namna, gate 1, 2, 3, 4 …

Vandre mellom flott gatekunst og sjå måleria som representerer både kulturen og kystkulturhistoria i Måløy. Opplev krigshistorie på Måløyraidsenteret.

Måløy, og øya Vågsøy er omringa av Stadhavet - eit av dei mest vêrharde havområda langs norskekysten. Kråkenes fyr er kjent for det røffe vêret.

I bygda Refvik finn du den 1,5 km lange krittkvite stranda Refviksanden. Solnedgangane her kan vere magiske. Reis vidare til Kannesteinen, som er forma av hav og bølgjer gjennom tusenvis av år. Slapp av med ein tur i sauna.

Ferga er på veg til Måløy og går straks under Måløybrua. Det er litt skoddeskyar som gjer biletet litt dramatisk. Foto
© Visit FjordKysten

For den som elskar vakre omvegar ...

Når sjølve vegen er opplevinga er det heilt naturleg å legge turen til Nasjonal turistveg Gaularfjellet. På denne vegstrekninga er det ikkje berre naturen, men òg opplevingane som får deg til stoppe.

Ei av dei skjulte perlene langs Gaularfjellet er Fossestien. Han tek deg nærare dei majestetiske fossane som kastar seg nedover fjellsidene langs det verna Gaularvassdraget. Stien strekkjer seg over 21 km med ein høgdeskilnad på 500 meter. På strekninga finn du 12 større fossar og seks vatn. Den mest kjende fossen er Likholefossen med si spektakulære bru.

utsiktspunkt på toppen av ein svingete veg . Det er spesiell arkitektur med ein trekant der hjørnene er bretta litt opp og der er det laga trapper/sitteplassar. ein bil står parkert ved utsiktsplassen
© FjordKysten og Sunnfjord

Midt i den mektige naturen finn du Flatheim, eit historisk gardshotell med tømmerhus. Romma er innreia med omsorg og kjærleik i restaurerte bygningar i tunet. Kring tunet ligg ein koseleg hage med blomar og nyttevekstar, og ved elva finn du sauna og badestamp - ein perfekt avslutning på dagen.

Flatheim tilbyr trerettars middag til alle gjestane sine. Du finn i tillegg ein gardsbutikk.

Ynskjer du ein skreddarsydd helgetur med overnatting, trerettars middag, nistepakker og transport til og frå Fossestien? Då bør du sjå pakken Fossevandring frå Gaularfjellet til Viksdalen.

I tillegg til overnatting i historiske bygningar tilbyr Flatheim glamping på elvekanten. Ein litt annleis, primitiv luksus for deg som ynskjer å vere endå nærare naturen.

Garden. Det raude hovedhuset med alle dei små husa kring. Ein grøn fjøs. Nede ved elva ser vi badestampen og grillhytta. Hovedvegen går rett forbi garden. Grøne bøar rundt eigedomen og over på andre sida av vegen. Vi ser naboegardane og skogen innafor. Lengst vekk ser vi fjella som enno har litt snø på toppane.
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord

Related articles

Vi gir deg 10 tips for høstferie med barn i Norge

Vi gir deg 10 tips for høstferie med barn i Norge

Haustferie på Vestlandet gir familien ein perfekt kombinasjon av kultur og aktivitet. Her finn du tips til haustaktivitetar for heile familien.

Toppturar som tek pusten frå deg!

Toppturar som tek pusten frå deg!

Ja, utsikta vil garantert ta pusten frå deg! Kva med å utforske nye, kanskje mindre kjente fjellturar – utan trengsel?

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement