Hopp til hovedinnhold
Bestill

Birdbox Reksta ligg idyllisk til på øya Reksta utanfor Florø. Her blir du i eit med naturen, og du kan sjå både soloppgang og solnedgang frå senga. Du kan oppleve kystens råskap med vind og vêr og dei vakraste fargane som speglar seg i havet når himmel og hav går i eitt. Alt dette kan du sjå frå ei lun og varm Birdbox.

Du kan også utforske øyas varierte dyreliv med blant anna villsau, hjort og havørn. Du finn fleire flotte turstiar rett utanfor døra - og vil du ha eit ramsalt bad kan du gjere det ved dei flotte svaberga like ved.

Kor ligg Birdbox Reksta?

Birdbox Reksta ligg på øya Reksta like utanfor Florø.

Korleis reise hit

For å komme til Reksta må du ta rutebåt frå Florø til Rognaldsvåg som tar om lag ein halv time. Båtturen er ei flott oppleving i seg sjølv. Her vil du sjå det vakre kystlandskapet der øyar og skjær har storhavet som si mektige nabo.

Med rutebåt og bil

Om du ønskjer å ha med deg bil til Reksta, må du bestille plass før avreise Florø. Du finn informasjon på Skyss.no. Ved ankomst Reksta køyrer du til venstre etter kaia, mot Indre Reksta, om lag 5 km til Reksta skule. Her kan du parkere på skuleplassen. Frå skulen og opp til birdboxen er det om lag 8 minutt å gå, ta med gode klede og sko.

Med rutebåt

Kjem du utan bil, henter og bringer vertskapet deg kostnadsfritt til og frå Rognaldsvåg kai.

Ønskjer du å spasere, eller sykle finn du ein flott merka sti på om lag 3 km. Turen vil ta deg om lag 40 minutt. Det er lett å sykle på øya. Sykkelturen er på om lag 5 km, og vil ta deg rundt 25 minutt. Vertskapet kan vere behjelpeleg med å hente og bringe bagasje.

Med eigen båt

Om du ønskjer å komme med eigen båt, avtalar du og vertskapet det ved bestilling, og du får legge til ved ein privat kai i Rekstavågen, aust for skulehuset.

Fasiliteter

Vertane for Birdbox Rekstad tek i mot alle gjestane, ved enten å hente dei i Rognaldsvågen eller møter dei ved Reksta skule. Vertane fortel om øya, historia til Birdboxen, tur moglegheiter på øya og viser dei rundt i Reksta skule som er over 100 år. Gjestane finn og eit gardsutsal på skulen, med lokale produkt frå Reksta, som villsaupølse, saueskinn, honning, kjøkken reiskap i tre med meir.

Gjestane har og moglegheit til å lage seg varm mat, på kjøkkenet på Reksta Skule, og ete i den autentiske skulestova. For gjester som vil ha fleire overnattingar i Birdboxen, er tilbodet om å lage mat på Reksta Skule, og å nytte sanitærbygget, inkludert i prisen.

I Birdboxen finn gjestane alt dei treng for ein komfortabel overnatting. Det er vannkoker, te og kaffi, kjøleskap, varmekablar, panelovn og aircondition som gir hygge i Birdboxen. Ved Birdboxen er det eit forbrenningstoalett, som er lett å bruke.

Toalett og dusj

Nær Birdboxen ligg Reksta Skule der du som gjest kan bruke sanitærbygget med vanleg toalett og dusj. Vertane legg fram handduker, shampo, føn med meir.

Mat og drikke

I Birdboxen finn gjestane fem flasker med grunnvatn frå Reksta, samt lokale smaksprøver. Anna mat og drikke tek gjestane med sjølve.

Matbutikk

Nærbutikken Rognaldsvågen Group ligg like ved kaia der rutebåten legg til, og har følgande opningstider:

Måndag - fredag: 09.00 - 16.30

Laurdag: 10.00 - 15.00

Søndag: stengt

Butikken vert delvis fjernbetent i framtida. Du finn meir informasjon om butikken på butikkdøra.

Dine vertar

Inger mobil: 481 05 225

Johnny mobil: 905 87 699

Asbjørn mobil: 900 62 116

Tider

mars 2026

19. mars

Kontakt

Adresse:
  • Reksta
  • 6915 Rognaldsvågen
Telefon:
+47 48 10 52 25
E-post:
johnny@livit.no
Nettside:
Birdboxreksta.no

Fasiliteter

Fiskemuligheter:
Utendørs sitteplasser:
Parkering:
Unik overnatting:
Kjøkken:

Hvor er Birdbox Reksta