Hopp til hovedinnhold

Dagsturhytta i Solund heiter Sognesjøhytta og ligg sør for Hardbakke, nær Hopsosen. Her har du flott utsyn over Sognesjøen.

Kvar ligg Sognesjøhytta?

Dagsturhytta Sognesjøhytta ligg i øykommunen Solund, lengst vest i havet. Turen tar nås med utgangspunkt frå kommunesenteret Hardbakke.

Korleis komme seg til dagsturhytta Sognesjøhytta?

Kjem du frå fastlandet tar du ferja som går Rutledal - Rysjedalsvik - Krakhella. Frå Krakhella tar det om lag ein halv time å køyre til Hardbakke. Du kan køyre opp til idrettsparken som ligg rett att med Solund Senter. Frå idrettsparken finn du stien som går til dagsturhytta

Sesong for turen til Sognesjøhytta

Dagsturhytta er ope heile året, og det er difor mogleg å gå turen heile året. Vær oppmerksam og trå forsiktig når det er is og snø på bakken.

Turbeskriving til Sognesjøhytta

Frå draumeparken følger du den grusbelagte stien til du kjem til eit informasjonsskilt. Stien er i eit flott konglomeratlandskap med vekslande berg, myrar, lynghei og 16 flotte segment med sherpasti og trapper slik at du kan gå tørrskodd over dei våtaste partia. I områda mellom segmenta er det framleis mogleg å bli våt på sokkane om ein ikkje trår forsiktig når terrenget er fuktig. Fleire stader er der fint utsyn i alle retningar.

Turen til Sognesjøhytta tek om lag 40 minutt i normal gange. Går ein frå Solund senter må ein rekne om lag 1 time på turen

Padle til Sognesjøhytta

Ynskjer ein å padle til Sognesjøhytta kan ein parkere ved Hardbakke hamn eller Valen. I Valen er det tilrettelagt med universell rampe for kajakken. Nær dagsturhytta er ein liten, skjerma, grunn våg der kajakkar lett kan landast.

Fasilitetar i hytta

Hytta er utstyrt med nynorskbøker, peis og straum. Det er også utetoalett tilgjengeleg like ved. Hugs å ta med eige ved om du ønskjer å fyre i peisen. Det er ikkje mogleg å overnatte i hytta

Kontakt

Adresse:
  • 6924 HARDBAKKE
Telefon:
57 74 30 00
E-post:
mail@fjordkysten.no
Nettside:

Fasiliteter

Barnevennlig:
Total stigning:
  • 15m
Vanskelighetsgrad:
  • Lett (grønn)
Varighet:
  • Kort tur (0,5-3t)
Underlag:
  • Sti
Terreng:
  • Kystområde
Sesong:
  • Høst
  • Sommer
  • Vinter
  • Vår

Hvor er Dagsturhytta i Solund - Sognesjøhytta?