Besøkssenteret i Solund ligg i Taklebua, som er ein gamal sjøbu på Hardbakke.
Episenteret i Solund har som hovudtema å formidle om det levande landskapet og kystkulturen. Episenteret har både innandørs og utandørs utstilling. Her er det tilrettelagd for opplevingar og læring gjennom aktiv bruk av sansane.
Med sine 1700 øyer, holmar og skjer heilt vest i havgapet der Sognefjorden munnar ut i Nordsjøen, er Solund eit populært reisemål for alle som leitar etter autentisk kystkultur og spanande naturopplevingar. Det er lett å bli kjent med lokalbefolkninga som gjerne deler sine tips med tilreisande. Her bør ein ikkje gå glipp av sjansen til å bli med på Øyhopping med den lokale postbåten, eller å reise på Fyrsafari til Utværsom er Norges vestlegaste punkt.
I vikingtida var Utvær samlingspunkt for eit skipsbesøk av eit slikt format at knapt nokon på Norskekysten har sett makan. Kong Harald Hardråde meinte at han hadde rett til herredømme over England, og i 1066 kalla han ut leidangen og ville dra vestover. Snorre Sturlason fortel at flåten talde over 200 langskip utanom matskuter og småskip! Som kjent gjekk ikkje slaget ved Stamford Bridge heilt slik kongen hadde tenkt seg.
Øyriket Solund
Øyane i Solund er eit eldorado for kystfriluftsliv. Kajakkpadling og vandring er populære aktivitetar i eit område med eit heilt særeiget landskap og geologi, der konglomerat og mektige flyttblokker frå Istida står som skulpturar mot horisonten. I dette landskapet vil du kunne møte den spesielle gamalnorske sauen og sjå ulike maritime næringar Det er om lag 750 innbyggjarar i kommunen som gjerne kallar seg «Øyriket Solund».
Opningstider for besøkssenteret i Solund
Besøkssenteret i Solund har ikkje faste opningstider. Ta gjerne kontakt med parken dersom du ynskjer å stikke innom. følgj gjerne med på Facebook-sida til parken for meir informasjon.