Hopp til hovedinnhold

Besøkssenteret i Fjalerer samlokalisert med Jakob sande - senter for forteljekunst i Dale. Her kan du lære meir om forteljekunst og kultur.

Episenteret i Fjaler har som hovudtema å formidle om forteljekunst og kultur. Episenteret har både innandørs og utandørs utstilling med informasjon.

Fjaler ligg på sørsida av den vakre Dalsfjorden, og strekk seg frå høge dalføre og like ut til kysten. Kommunen har ei lang industri- og skulehistorie. I nyare tid har kommunen utmerka seg med eit innovativt miljø innan IT. Folketalet er på om lag 2.800.

I Fjaler finn du United World College som er eit internasjonalt gymnas med 200 elevar frå heile verda.

Fjaler er også kjent for å vere fødestaden til den folkekjære diktaren Jakob Sande (1906 – 1967). Jakob Sande-senteret i Dale er både besøkssenter og nasjonalt senter for forteljekunst. Kommunen har eit riktig kulturliv, Nordisk Kunstnarsenter er lokalisert her, og kommunen har og ein eigen, populær Teaterfestival.

Kystkulturmiljøet rundt Jensbua kystkultursenter og kopien av den gamle tradisjonsbåten «Bakkejekta» er ein del av det du må oppleve om du reiser til Fjaler.

Opningstider for besøkssenteret i Fjaler

Besøkssenteret i Fjaler har same opningstider som Jakob Sande - senter for forteljekunst. Følg med på facebook-sida til parken for meir informasjon.

Kontakt

Adresse:
  • Nikka Vonens veg 31-35
  • 6963 Dale i Sunnfjord
Telefon:
E-post:
post@fjordkystparken.no
Nettside:
fjordkystparken.no/

Fasiliteter

Barnevennlig:
Parkering:
Toalett:

Hvor er Episenteret i Fjaler - Der forteljing møter landskap