Solund har smale og svingete vegar, og sykkelturen kan kjennast både spennande og nær naturen. Dersom du ønskjer ein roleg tur på lite trafikkerte vegar, er strekninga frå Hardbakke til Avløyp mot Strand eit godt val.
Her følgjer du det idylliske Liasundet, med utsikt til små øyar og lune viker. Undervegs passerer du levande bygder, gardar med sauedrift og eit landskap som stadig skiftar. Dette er ei sykkeltur som lar deg kome tett på både natur og kystkultur.
Turen er om lag 11 kilometer ein veg og tek rundt 1,5 time tur/retur i moderat tempo – perfekt for ein ettermiddagstur eller ein roleg start på dagen.