Hopp til hovedinnhold

Ramnenipa har med sine 232 meter over havet ein fantastisk utsikt over Hardbakke senter, øyane, fjordane og havet.

Kvar ligg Ramnenipa?

Fjellturen Ramnenipa ligg ruvande over kommunesenteret Hardbakke og er ein svært populær tur for heile familien. Turen tar om lag ein time opp og ned.

Korleis komme seg frå startstaden opp til Ramnenipa

Turen opp til Ramnenipa har to startstader. Du kan enten gå opp Ramnenipa frå idrettsbana, som også er den mest populære, eller du kan gå opp i frå Brattelia. Turen frå Brattelia har raud gradering, og er ikkje anbefalt for barnefamilier. Turen frå idrettsbana har grøn gradering, og er difor anbefalt turløype.

Opp Ramnenipa frå idrettsbana

Frå Hardbakke senter køyrer eller går du opp til idrettsbana på Hardbakke. På enden av fotballbana finn du eit skilt og ein raud-merka løype. Følg stien heilt til toppen

Opp Ramnenipa frå Brattelia

Frå Hardbakke senter går du nord mot byggefeltet Brattelia, forbi Solund Helsetun. Frå toppen av Brattelia finn du turstien som tek deg opp til toppen. Stien har ein bratt stigning før den går over til normal tursti. Vi anbefalar ikkje å bruke denne stien om vinteren, eller ved våt underlag. Du må ha gode grep på skona dine.

Sesong for turen til Ramnenipa

Turen opp Ramnenipa frå idrettsbana kan brukast heile året. Om ein ønskjer å vandre opp når det er snø må ein bruke brodder, og ein bør vere vandt med å gå på snødekte fjell. Om vinteren kan det vere lite snø i Solund, ein bør difor bruke skjønn når ein vurderar om ein skal gå fjellturen eller ikkje.

Turbeskriving

Sjølv om turen berre er 232 meter over havet, vil du ha fantastisk utsyn over Hardbakke senter, øyane, fjordane og kystlandskapet som ruvar Solund. Turstien er varierande, og du går i både terreng, og på fjell. Turen kan vere ein rundtur om ein vel å gå opp eine sida, og ned den andre. Anbefalt tur er å gå opp og ned same stad.

Utstyr og viktig info for turen til Ramnenipa

Du kan nytte både joggesko og fjellsko på denne turen. Om det har regna er det anbefalt å bruke fjellsko med godt grep då fjellet kan vere sleipt. Sjølv om det kan vere ein fin, vindstille dag er det alltid lurt å ta med seg eit panneband eller ei lue, samt ein vindjakke til toppen. På toppen er det fint å bruke god tid og nyte det vakre landskapet. Hugs også å skriv deg inn i turboka på toppen.

Kontakt

Adresse:
  • 6924 Hardbakke
Telefon:
57 74 30 00
E-post:
fjordkysten@gmail.com
Nettside:

Fasiliteter

Barnevennlig:
Total stigning:
  • 232m
Vanskelighetsgrad:
  • Lett (grønn)
Varighet:
  • Kort tur (0,5-3t)
Underlag:
  • Grus
  • Sti
  • Asfalt
Terreng:
  • Kystområde
  • Fjellområde
  • Skogsområde
Sesong:
  • Vinter
  • Vår
  • Høst
  • Sommer

Hvor er Fjelltur til Ramnenipa frå Hardbakke?