Hopp til hovedinnhold

Dagsturhytta Fløgjen er ein av to dagsturhytter i Kinn kommune. Turen er familievennleg og passar for dei aller fleste. Hytta har utsikt til Norddalsfjorden, austover mot Eikefjord og vestover mot Florø og øyane i vest og sør. 

Kvar ligg dagsturhytta Fløgjen?

Dagsturhytta Fløgjen ligg på fjellet Fløgen og er samme sti som held fram til Hatlesetnipa.

Korleis komme seg til dagsturhytta Fløgjen?

Frå rv. 5 Florø - Førde tar ein av ved Grov til fv. 614 mot Svelgen. Etter 1 km kjem du til ein trafostasjon. Du tar av ved første avkjøring på høgre side etter trafostasjonen for å finne parkering. Dersom du kjem med buss, kan du gå av på same plass. 

Turbeskriving til dagsturhytta Fløgjen

Ved parkeringsplassen følger du skogsvegen, og rett før du er til vegs ende, tek du av til venstre. Stien er ikkje merka oppover i skogen, men han er tydeleg i terrenget. Dette er stien som held fram til Hatlesetnipa. Det er eit par mindre myrlende områder langs stien i skogen. Når du kjem over skoggrensa vert stien brattare eit stykke, før det flatar noko ut, og du ser varden på Fløgjen til venstre.

Turen opp til dagsturhytta tek om lag ein time. Det er 2,3 km ein veg. Hytta ligg på 444 moh. Det er ikkje lov til å overnatte i hytta

Kontakt

Adresse:
  • Fløgen
  • 6900 Florø
Telefon:
E-post:
Nettside:
dagsturhytta.no

Fasiliteter

Barnevennlig:
Varighet:
  • Kort tur (0,5-3t)
Underlag:
  • Grus
  • Sti
Sesong:
  • Høst
  • Sommer
  • Vinter
  • Vår
Terreng:
  • Fjellområde
  • Skogsområde
Vanskelighetsgrad:
  • Middels (blå)
Avstand:
  • 4.4km
Total stigning:
  • 493m

Hvor er Dagsturhytta i Florø - Fløgjen?