Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Toppattraksjoner

Topp 10 ting å gjøre i Florø

Sommar, haust, vinter, vår
Sist oppdatert: 17.11.2025
to jenter sitter på det grønne gresset og ser ut over sjøen. i sikte er eit fyrtårn på ei anna øy. det er blå himmel og blå sjø. jentene har på seg gensere, ho ein har raud genser medan ho andre har grøn genser
© Visit FjordKysten og Sunnfjord
© Visit FjordKysten og Sunnfjord

Frå øyidyll til bryggeri, frå historie til havsauna – Florø byr på ekte kystliv frå morgon til kveld. Her finn du tipsa til dei beste opplevingane – både for deg som vil ut i øyriket og for deg som vil nyte gode smakar og avslapping i byen.

1. Øya Kinn

Den mest kjende attraksjonen i Florø er utan tvil øya Kinn – ei grasdekt perle heilt ute i havgapet. Her finn du både den ikoniske Kinnaklova og den historiske Kinnakyrkja frå mellomalderen.

Reis til Kinn og la deg bergta av naturen, historia og stillheita. Frå kystbyen Florø går lokalbåten mellom øyar og skjer ut til Kinn – ei oppleving i seg sjølv! Finn meir informasjon om båtruten her

tre sauer som står foran kinnaklova - eit fjell
© Visit FjordKysten og Sunnfjord

Reis til Kinn

Les mer om utvalgte sted og attraksjoner fra FjordKysten og Sunnfjord.

Kinnakyrkja på Kinn

Kinnakyrkja på Kinn

På øya Kinn ligg ei vakker steinkyrkje frå mellomalderen. Om sommaren er det opa kyrkje som du kan besøke

Båtrute fra Florø til Kinn

Båtrute fra Florø til Kinn

Reis frå Florø til øya Kinn og la deg bergta av øya, historia, mellomalderkyrkja og den vakre naturen!

Fjelltur til Kinnaklova på øya Kinn

Fjelltur til Kinnaklova på øya Kinn

Vandre opp til Kinnaklova på øya Kinn og få storslått utsikt over havet og dei omkringliggande øyane.

Kinnaspelet – teater ved havet

Kvart år blir Kinnaspelet arrangert – det storslåtte teaterspelet ved havet. Historia «Songen ved det store djup» skildrer hendelsene i 1537 da den danske kongens utsending kom til Kinn for å fortelle at det var slutt på den katolske kirkens tid i Norge. Med øya Kinn som kulisse, vert historia levandegjort i eit spektakulært friluftsteater.

Dette er ei oppleving du ikkje vil gå glipp av – ei magisk blanding av kultur, historie og natur som set djupe spor hos alle som opplever det.

2. Historiske Svanøy

Ei anna øy du må få med deg, er Svanøy – også kalla "Perla i Sunnfjord". Øya har ei rik og mangfaldig historie frå tida som adels- og futesete, med spor frå både vikingtid og haugianarar.

Besøk Svanøy Hovedgård frå 1600-talet, Erikstad Gard og Norsk Hjortesenter, og nyt ein sykkeltur rundt øya – den beste måten å oppleve den på.

Norsk Hjortesenter

Norsk Hjortesenter

Ei omvisning blant dyra på Norsk Hjortesenter vil gje deg ei oppleving du seint vil gløyme.

3. Kystmuseet i Florø – livet ved havet

I Florø sentrum ligg Kystmuseet, eit levande og lærerikt museum der natur og kultur møtest. Her får du historia om livet langs kysten – frå fiske og ferdsel til kvardagsliv og kystkultur. Eit besøk her passar for både store og små, og gir deg eit godt innblikk i korleis kystfolket har levd – og lever – med havet som nabo.

Omvisning i båthallen

Kystmuseet i Sogn og Fjordane | Museum i Florø

Ved Kystmuseet i Florø ventar ein spanande kombinasjon av natur og kultur. Museet formidlar historia om livet langs kysten, med fokus på alt frå ferdsel og fiske til kvardagsliv i bygd og by.

4. Vesle Kinn

Visste du at Kinn Bryggeri kjem frå Florø – og at logoen deira faktisk er Kinnaklova ute på øya Kinn? På Vesle Kinn, testbryggeriet i hjartet av Florø, eksperimenterer bryggjarane med nye smakar, råvarer og lagring på franske eiketønner. Her blir det arrangert quiz, konsertar og foredrag – og om sommaren (eller på førespurnad) kan du bli med på omvising og smaking. Ei ekte smaksoppleving av kystbyen!

Utforsk Kinn Bryggeri

Les mer om utvalgte sted og attraksjoner fra FjordKysten og Sunnfjord.

Vesle Kinn

Vesle Kinn

Vesle Kinn er både kaféen og testbryggeriet til Kinn Bryggeri. Du finn Vesle Kinn i hjartet av Strandgata i Florø.

Kinn Bryggeri: Omvising og smaking på Vesle Kinn

Kinn Bryggeri: Omvising og smaking på Vesle Kinn

Bli med på omvising og smaking på Vesle Kinn

5. Havhesten – badeglede året rundt

Berre ti minutt til fots frå Florø sentrum ligg Havhesten, eit moderne badeanlegg perfekt plassert ved sjøen – med panoramautsikt mot både fjord og fjell. Her kan du symje, slappe av i boblebadet eller utfordre deg sjølv i sklier og stupetårn. Havhesten passar for både små og store, og er eit flott avbrekk anten du besøker Florø ein regnfull dag eller vil ha litt aktiv avkopling mellom utfluktene.

Havhesten

Havhesten

10 minutts vandring frå Florø sentrum finn du badeanlegget Havhesten - ideelt plassert ved sjøen med utsikt mot både fjord og fjell.

6. Sauna og avslapping ved havet

Etter ein dag med utflukter og eventyr er det lite som slår ein roleg kveld i saunaen – med utsikt over fjord og fjell. I Florø finn du to flotte alternativ: Kinn Damp og Havstua Sauna. Begge er ope heile året, slik at du kan senke skuldrane og lade opp til nye opplevingar – sommar som vinter.

Sauna i Florø

Les mer om utvalgte sted og attraksjoner fra FjordKysten og Sunnfjord.

Kinn Damp - Ei badstuoppleving ved kysten i Florø

Kinn Damp - Ei badstuoppleving ved kysten i Florø

Ei flytande badstove midt i Florø. Nyt varmen frå badstova og ta eit friskt dypp i fjorden – heile året!

Havstua Sauna

Havstua Sauna

Unn deg ei unik oppleving i badstua ved sjøkanten i Florø – med sjøutsikt, saltvannsbadestamper og enkel tilgang til forfriskande sjøbad.

7. Opplev bylivet – småbyidyll ved havet

Florø sentrum er kompakt, levande og sjarmerande. Her finn du trivelege butikkar, små kaféar og den heilt spesielle atmosfæren som berre finst i ein kystby. Ta deg ein rusletur langs gjestehamna, slå deg ned på ein utekafé – og berre nyt lyden av måseskrik og sjø. Er du i shoppinghumør anbefalar vi eit besøk hos Harmonia i Strandgata.

ein butikk med klede. i bilde ser du masse kle som henger fint opp på hyller. i front av bilde er eit bord med utstilling av bukser, vesker, ein blomst og ein manekeng av ein person som har på seg ein kjole, og veske

Harmonia - klesbutikk og interiørbutikk i Florø

Harmonia i Florø tilbyr mote, interiør og tilbehør - kvalitet, inspirasjon og service for alle aldrar og budsjett.

8. Spektakulær overnatting på øya Reksta

Vil du ha ei overnatting litt utanom det vanlege? På Birdbox Reksta får du opplevingar som tek pusten frå deg – bokstaveleg talt.
Her søv du tett på naturen og dyrelivet, med utsikt rett ut mot havet frå senga di. Ei unik oppleving du seint vil gløyme.

fuglekasse med utsikt over sjøen

Birdbox Reksta

Velkomen til Birdbox Reksta, idyllisk plassert på øya Reksta utanfor Florø. Her kan du oppleve kystens råskap frå senga

9. Kulturvandring i Florø

For deg som vil dykke djupare i Florø si historie, er kulturvandringa eit must.
Rundturen tek omlag to timar og kan gjerast på eiga hand. Undervegs oppdagar du kunstverk, gamle båtar og bygningar – alt medan du ruslar gjennom byens vakre gater og grøne parkar.

Kulturvandring i Florø

10. Nyt god mat og drikke i Florø

Avslutt dagen med eit godt måltid i kystbyen. I sentrum finn du fleire flotte restaurantar og kaféar – alt frå lokale spesialitetar og heimelaga bakverk. Her får du ein smak av Florø – bokstaveleg talt.

Mat og Drikke i Florø
Finn overnatting i Florø

Topp 10 lister i regionen

Finn fleire topp 10 lister i regionen vår!

Toppturar som tek pusten frå deg!

Toppturar som tek pusten frå deg!

Ja, utsikta vil garantert ta pusten frå deg! Kva med å utforske nye, kanskje mindre kjente fjellturar – utan trengsel?

Topp 10 ting å gjøre i Førde

Topp 10 ting å gjøre i Førde

Førde er eit naturskjønt knutepunkt, som gir deg tilgang til fjordar, fjell, isbrear, skogar og fossefall, og fungerar som ein ideell base for eventyr.

Topp 10 ting å gjøre i Jølster

Topp 10 ting å gjøre i Jølster

Utforsk Jølster, ein unik destinasjon som balanserar kunst, natur og eventyr.

Opplev Fjordkysten og Sunnfjord - med omsyn til natur, kultur og lokalsamfunn

Opplev Fjordkysten og Sunnfjord - med omsyn til natur, kultur og lokalsamfunn

Fjordkysten og Sunnfjord er meir enn spektakulær natur, mektige fjordar og ikoniske fjelltoppar. Det er eit levande landskap forma av menneske, kultur og ei djupt forankra kjensle av samspel med naturen. Difor jobbar vi aktivt for å sikre at reiselivet i regionen er berekraftig, slik at framtidige generasjonar kan oppleve den same magiske naturen som du gjer i dag.

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement