Hopp til hovedinnhold
Bestill

Birdbox Reksta ligg idyllisk til på øya Reksta utanfor Florø. Her blir du i eit med naturen, og du kan sjå både soloppgang og solnedgang frå senga. Du kan oppleve kystens råskap med vind og vêr og dei vakraste fargane som speglar seg i havet når himmel og hav går i eitt. Alt dette kan du sjå frå ei lun og varm Birdbox.

Du kan også utforske øyas varierte dyreliv med blant anna villsau, hjort og havørn. Du finn fleire flotte turstiar rett utanfor døra - og vil du ha eit ramsalt bad kan du gjere det ved dei flotte svaberga like ved.

Kor ligg Birdbox Reksta?

Birdbox Reksta ligg på øya Reksta like utanfor Florø.

Korleis reise hit

For å komme til Reksta må du ta rutebåt frå Florø til Rognaldsvåg som tar om lag ein halv time. Båtturen er ei flott oppleving i seg sjølv. Her vil du sjå det vakre kystlandskapet der øyar og skjær har storhavet som si mektige nabo.

Med rutebåt og bil

Om du ønskjer å ha med deg bil til Reksta, må du bestille plass før avreise Florø. Du finn informasjon på fjord1.no. Ved ankomst Reksta køyrer du til venstre etter kaia, mot Indre Reksta, om lag 5 km til Reksta skule. Her kan du parkere på skuleplassen. Frå skulen og opp til birdboxen er det om lag 8 minutt å gå, ta med gode klede og sko.

Med rutebåt

Kjem du utan bil, henter og bringer vertskapet deg kostnadsfritt til og frå Rognaldsvåg kai.

Ønskjer du å spasere, eller sykle finn du ein flott merka sti på om lag 3 km. Turen vil ta deg om lag 40 minutt. Det er lett å sykle på øya. Sykkelturen er på om lag 5 km, og vil ta deg rundt 25 minutt. Vertskapet kan vere behjelpeleg med å hente og bringe bagasje.

Med eigen båt

Om du ønskjer å komme med eigen båt, avtalar du og vertskapet det ved bestilling, og du får legge til ved ein privat kai i Rekstavågen, aust for skulehuset.

Fasiliteter

Ved ankomst finn du ei seng oppreid for to. Her er kjøleskap, varmekabla, panelomn, aircondition, vannkokar og ellers alt du treng av service for at du skal kunne nyte eit måltid med mat og drikke. Det fins eit forbrenningstoalett like utanfor døra.

Toalett og dusj

Om lag 300 meter frå Birdboxen, ved gamle Reksta skule(bygdehuset) finn du toalett og dusj til disposisjon for dykk.

Mat og drikke

Vertane sett fram fem flaskar med grunnvatn frå Reksta. Mat og drikke tek du med deg sjølv. Du kan også forhandsbestille mat frå menyen med utvalde spesialitetar i sesong. For oppdatert meny, sjå heimesida birdboxreksta.no

Matbutikk

Nærbutikken Rognaldsvågen like ved kaia. Opningstider:

Måndag - fredag: 09.00 - 16.30

Laurdag: 10.00 - 15.00

Søndag: stengt

Dine vertar

Inger mobil: 481 05 225

Johnny mobil: 905 87 699

Asbjørn mobil: 900 62 116

Tider

Ope for booking heile året

Ukedager:
00:00–00:00
Lørdag:
00:00–00:00
Søndag:
00:00–00:00

Kontakt

Adresse:
  • Reksta
  • 6915 Rognaldsvågen
Telefon:
+47 481 05 225
E-post:
Nettside:
Birdboxreksta.no

Fasiliteter

Fiskemuligheter:
Utendørs sitteplasser:
Parkering:
Unik overnatting:
Kjøkken:

Hvor er Birdbox Reksta?