Heilt ute i havgapet ligg den irrgrøne, grasdekte øya Kinn, med Kinnakyrkja og Kinnaklova. 

Områda rundt Kinn var det sentrale sildefeltet i Norge i store delar av 1800-talet. På det meste budde det ca. 15 000 menneske her og på omkringliggande øyar i sildesesongen. I dag er det berre nokre få fastbuande på Kinn. På øya ligg ei vakker steinkyrkje frå mellomalderen. Kyrkja vart renovert i 2018 - 2020.  Den sagnomsuste Kinnakyrkja er bygd i romansk byggjestil, og har vore i bruk sidan 1100-talet. Kyrkja er den eldste i Sunnfjord. ​​Fjellveggen bak kyrkja reiser seg steilt opp, og den ruvande Kinnaklova er næraste nabo. Den berømte Kinnaklova er eit kjend seglingsmerke langs skipsleia.

Det er sommaren 2021 vertskap på Kinn frå 19.juni til 29.august som har opa kyrkje frå kl. 13.00 - 20.00 med tidebøn kl. 13.30 og 19.00. Det er mogleg å kjøpe seg kaffi, vatn, sjokolade og kjeks. Det er toalett ved kyrkja. 

LOKALBÅT TIL KINN Reis til Kinn, og la deg bergta av øya, historia, mellomalderkyrkja og den vakre naturen! Frå kystbyen Florø går lokalbåten mellom øyar og skjer ut til Kinn. Det går lokalbåt frå Fugleskjærskaia i Florø til Kinn kvar dag. Det går 5 båtar kvar dag mandag - fredag og 2 båtar kvar dag i helgane. Det blir satt opp ekstra båtar på sommaren. Sjå entur.no for rutetider. (Frå: Florø kai, Kinn. Til: Kinn kai, Kinn). Du kan kjøpe billett til lokalbåten om bord. Det kostar 90,- for ein vaksen per veg, barn/honnør betalar halv pris. Ein del av stoppa på Kinn er såkalla "ringestopp". Dette betyr at båten kjem til Kinn på oppsette tider dersom mannskapet veit at det er passasjerar. Når du søker etter rutetider på entur.no og trykker på "merknader" får du opp telefonnummeret til båten. Du må ringe båten før den går frå Florø.  TURSTIAR Etter at du stig i land på Kinn kan du følgje vegen til høgre mot Kinnakyrkja. Turen til kyrkja tek om lag 20 minutt i roleg gange langs ein 1 km lang grusveg. Har du lyst på ein litt lengre tur, kan du gå rundt øya før du kjem tilbake til kaia der lokalbåten tek deg tilbake til Florø. Det er om lag 3 km frå kyrkja og rundt øya tilbake til kaia, og du kan rekne om lag 2 timar i gangtid. Turen rundt øya passar for både store og små, og går stort sett i lett terreng. Det er noko bratt terreng opp og ned Høgskaret. Det er merka tursti rundt øya og opp "Inste Stauren", den høgste toppen i Kinnaklova. Frå toppen av stauren er det storslått utsikt!  Du bør berekne ekstra tid om du går opp Inste Stauren. Ein kan også gå til toppen av Kinnafjellet. Her startar stien frå grusvegen mellom kyrkja og kaia. For meir detaljert turbeskrivelse sjekk Ut.no OVERNATTE PÅ KINN Det er mogleg å overnatte i det gamle skulehuset, som no er DNT-hytte. Turistinformasjonen i Florø har utlån av nøklar til hytta. NB! På grunn av restriksjonane kring corona er det sommaren 2021 kodelås på hytta. Ta kontakt med Signe Nordvik tlf 41530520 for bestilling av DNT-hytta. Det er også fint å overnatte i telt på Kinn. Kinn Gjestehus er pilegrimsherberge og kan bestillast gjennom airbnb. 

GJESTEBRYGGE

Det er ei lita flytebrygge kor du kan legge eigen båt. Prisen er 100,- pr. 4 timar og 200,- pr. døgn. Du kan ligge gratis ved steinkaia, men ikkje slik at du ligg i vegen for rutebåt og ambulansebåt.  ​​​​​​ KINNASPELET Kvart år, i juni, vert Kinnaspelet vist på tunet framfor Kinnakyrkja. Kinnaspelet er eit historisk spel om kjærleik, hat, truskap, og lojalitet til kyrkja og til menneske. Sidan premieren i 1985 har nær 90 000 personar sett Kinnaspelet. Gjennom meir enn 30 år utan avbrekk og utan ei einaste avlyst forestilling, har Kinnaspelet vore framført mellom bergveggen og steinkyrkja på den vesle øya Kinn vest for Florø. Kinnaspelet er ei oppleving det ikkje finst maken til: Det naturlege lune og lydvare amfiet innunder Kinnafjellet, skiftande hav og ein høg himmel som bakteppe - ja, berre båtreisa ut gjennom øygarden gjer Kinnaspelet til noko ein ber med seg i lang tid.

GUIDA TUR     For tilbod om guida tur på Kinn, ta kontakt med Visit FjordKysten på mail@fjordkysten.no eller tlf. 57743000.

Kontakt

Adresse:
  • 6912
  • Kinn
Telefon:
57743000
E-post:
mail@fjordkysten.no
Nettside:

Hvor er Øya Kinn?