Hopp til hovedinnhold

Nordfjord strekker seg frå Vestkapp til Jostedalsbreen, frå Europas lengste via ferrata-bru til tusenårsgamle klosterruinar. Surf og ski, vikingkultur og lokalmat, isbre og sandstrender, toppturar og kystkultur – alt i éin fjord.

Natur og landskap

Nordfjord byr på nokre av Noregs mest ikoniske naturopplevingar. Inst i fjorden finn du Jostedalsbreen med brearmar som Briksdalbreen og Kjenndalsbreen. Smaragdgrønne vatn som Oldevatnet og Lovatnet ligg som speglar mellom bratte fjellsider, og langs dalsidene finn du historiske setrar med utsikt over dei djupe dalane.

Utover mot kysten reiser Hornelen seg, Noregs høgaste sjøklippe på 860 meter som kan bestigast både til beins og Via Ferrata. Her møter du det dramatiske Stadhavet og eit unikt kystlandskap med bratte klipper og kvite langstrakte strender som Grotlesanden, Hoddevik og Vetvika.

Aktivitetar

Nordfjord er eit vandremekka med fleire hundre merka turløyper, frå lette turar i Trivselsskogen til utfordrande toppturar som Skåla (1843 moh.) der du kan overnatte i Skålatårnet på toppen. Prøv deg på Via Ferrata i Loen eller ta snarvegen til toppen via Loen Skylift.

Bli med på brevandring, stå på ski på Stryn Sommarskisenter, eller velg mellom dei fleire alpinanlegg som er opne på vinteren. Opplev kajakk på turkise vatn, surfing ved Stad, stisykling på Sandane, eller ri på dei historiske fjordhestane. I Nordfjord finn du aktivitetar for både store og små.

Kultur og historie

Besøk Sagastad på Nordfjordeid og opplev Myklebustskipet, det største vikingskipet ein har funne spor etter i Norge. På øya Selja finn du tusenårsgamle klosterruinar frå tidleg kristen tid. Vingenfeltet sør for Hornelen er eitt av dei største helleristningsfelta i Noreg, og er opp mot 6000 år gamle. Du kan lære meir om historia til regionen på Nordfjord Folkemuseum.

Nordfjord er også ein stor kultur- og festivalregion. Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid er ein av landets største med 30 000 besøkande. I Stryn arrangerast det alt frå Visefestival og Treskifestival til Gummibåtfestival og Oktoberfest. På sandane kan du oppleve Noregs eldste rockefestival Glopperock eller slå håret ut på Norsk Countrytreff på Breim.

Les meir på nordfjord.no

An icon of trees

La deg inspirere

Er du ute etter familievenlege opplevingar, nye eventyr eller ein avslappande tur med din kjære? – Nordfjord har opplevingar for alle!

Prøv vår reiseplanlegger!

Finn opplevelser og overnatting og sett sammen reiseruten din. Bruk kartet til å navigere, finn opplevelser som passer dine interesser, og se ruten i kartet. Last ned appen vår og ta med deg reiseplanen din i lommen, og finn opplevelser underveis på reisen.

Foretrekker du papirformat? Skriv ut reiseplanen din, så har du den lett tilgjengelig!

#visitnordfjord

Følg oss

  • Facebook

    Facebook

  • Instagram

    Instagram

  • YouTube

    YouTube