Hopp til hovedinnhold

Midt i hjarta av det norske fjordlandskapet og berre ein kort køyretur frå Oslo og Bergen ligg Sognefjorden. Reisevegen er kortare enn ein trur og det er mykje spanande å sjå på vegen!

Langs fjorden finn du blant anna; Høge fjelltoppar, Isblåe brear, Mektige fossar, Idylliske gardsbruk. Det spesielle med Sognefjorden er fjordbygdene. Ei fjordbygd er ein liten tettstad som ligg vakkert til ved den mektige Sognefjorden.

Sognefjorden byr på ein heilt unik bygde- og kulturrikdom. Ein tur langs Sognefjorden tek deg med på ei reise frå eventyr til eventyr der du opplev vill og vakker natur, idylliske fjordbygder, spennande aktivitetar og fjordnær overnatting.

Sognefjorden er den mest innhaldsrike fjorden med Flåmsbana, Jostedalsbreen, Jotunheimen, Rallarvegen, UNESCO Urnes stavkyrkje, Aurlandsdalen, UNESCO fjordcruise, guida breturar og dei vakraste og mest populære vandreturane i Norge finn du ved Sognefjorden.

Velkommen til Sognefjorden.



Meir detaljert reiseinformasjon og inspirasjon finner du på Sognefjordens offisielle nettside.

Oppdag høsten i Fjord Norge

Finn ut mer
An icon of trees

Reiseinspirasjon

Sommaren gir deg klassiske fjordopplevingar. Om hausten er lufta klår og fjorden er kledd i haustdrakt - den beste tida for vandring og sykling. Hausten går over mot "Vinterfjorden" med det spesielle fjordlyset, guida toppturar, trugeturar, hundekøyring, gode skianlegg, langrenn, fjordpadling, RIB-safari, fjordcruise, Flåmsbana eller besøk i dei magiske blåisgrottene under breen. Så kjem våren med fruktblomstring og snø på toppane - kanskje den aller finaste årstiden å besøke Sognefjorden.

Aktivitetar ved Sognefjorden

Sognefjordlandskapet er fullt av kontrastar, og her ligg forholda tilrette for store naturopplevingar og forfriskande aktivitetar. Det er svært få plassar i verda du kan finne eit så stort utval aktivitetar innan eit så lite område! Enten du ønskjer å slappe av, eller søkjer fysiske utfordringar, så vil du finne passande aktivitetar der du kjem i nær kontakt med naturen. Dyktige guidar tek deg med på organiserte aktivitetar som er tilpassa folk i alle aldrar.

Prøv vår reiseplanlegger!

Finn opplevelser og overnatting og sett sammen reiseruten din. Bruk kartet til å navigere, finn opplevelser som passer dine interesser, og se ruten i kartet. Last ned appen vår og ta med deg reiseplanen din i lommen, og finn opplevelser underveis på reisen.

Foretrekker du papirformat? Skriv ut reiseplanen din, så har du den lett tilgjengelig!

#visitsognefjord

Følg Visit Sognefjord

  • Facebook

    VisitSognefjord

  • Instagram

    /visitsognefjord

  • YouTube

    Visit Sognefjord Norway