Nær Skjolden ligg og Fortun som er starten på Sognefjellsvegen - Nord-Europas høgste fjellovergang, og Noregs første nasjonale turistveg som går mellom Luster og Lom.

Her kan du kose deg på Skjolden Hotel med eige bryggeri, Vassbakken Kro og Camping, Skjolden Brygge, Luster Fjordhytter, Døsen Gard Glamping eller Fjordspeilet på Nes Gard. Når du er på besøk til Skjolden så må du nyte fjell- og fjordturar eller besøke trivelige Skjolden Llamas for eit annleis gårdseventyr. Adventure Tours tilby RIB Båt-turar, sykling, vandring, fiske og SUP - Moro for heile familien!

Frå Skjolden er det kort veg til UNESCO Urnes Stavkyrkje, Sognefjellet Sommarskisenter og Jostedalsbreen.

Et merkeikon

La deg inspirere

Her finn du tips og inspirasjon for ditt opphald i Skjolden

Aktivitetar i Skjolden

Her finn du eit utvalg av aktivitetar i Skjolden

Fjord RIB Adventure + fossevandring

Kombiner RIB-turen Fjord RIB Adventure med ein vandretur til den imponerande Feigefossen! Etter ein times RIB-tur på Lustrafjorden med natur og frisk luft, er det mogleg å oppleve forfriskande fossebrus på nært hald. Me gjennomfører over fyrste halvdel av RIB-turen og går i land i Feigum på sørsida av Lustrafjorden. Frå Feigum startar ein enkel fjelltur opp til eit utkikspunkt nær Feigefossen der ein kan nyte synet av det 218 meter høge fallet. Dei som er ekstra eventyrlystne kan ein gå heilt opp til foten av fossen der ein garantert vil få ei kraftig og forfriskande oppleving! Stien til fossen er godt opptrakka og går ved sida av Feigeelva. Om våren og etter regntunge dagar kan stien vera sleip, så godt skotøy er å føretrekkje. Etter fosseopplevinga går me tilbake til RIB-en og glir heile vegen tilbake til Skjolden. Varigheit: Ca. 3-3,5 timar Sesong: April - Oktober Summer schedule: 20. Juni – 26. August - Kvar dag utanom søndag kl. 12.00. Oppmøte ved Skjolden Brygge 15 minuttar før avgang. NB! Send oss gjerne ein epost eller ring for bestilling av andre tidspunkt enn dei faste avgangane. Vanskegrad: Lett/middels Inkludert i turen: Varm flytedress, redningsvest, briller, lue og vottar. Anbefalt utstyr: Kle deg etter værforholda. Varme klær, gode vandresko og ein regnjakke.  Prisar: Vaksne: 800,- NOK  Barn (4-14): 550,- NOK Meir informasjon: Kontakt post@adventuretours.no eller book online på www.adventuretours.no http://www.facebook.com/AdventureToursNorway  

Kommende arrangementer