Sykkelutleige
Skjolden er eit godt utgangspunkt for å utforske fleire attraksjonar på sykkel. «Den romantiske vegen» ut mot Ornes for å vitje Urnes stavyrkje, eller inn i Fortunsdalen for å vitje Fuglesteg fjellgard, er to eksempel på flotte turar. Adventure Tours tilbyr også fleire guida sykkel- og fjellturar i området rundt Skjolden og Breheimen nasjonalpark. Ei av dei mest populære rutene går inn mot Mørkridsdalen, som har eit eventyrleg natur- og kulturlandskap. Bli med på ein av turane våre; opplev landskapet og høyr guiden fortelje om utviklinga frå naturhushald til nasjonalpark i denne dalen. Drivandefossen, Bølifossen, Osen og Dulsete er kjende stader ein kan vitje. Desse turane kan også kombinerast med fjellfiske ved eit av dei mange fiskeområda i dalen.
For nærare turbeskrivingar og informasjon, kontakt oss eller besøk www.adventuretours.no.
Pris sykkelutleige (voksen/barn)
By-sykkel (dag): 350/250
By-sykkel (3 timar): 250/200
Hybridsykkel (Merke: Trek Zektor 3) (dag): 400/300
Hybridsykkel (Merke: Trek Zektor 3) (3 timar): 300/250
El-sykkel (Merke: Trek UM3+) (dag): 600/500
El-sykkel (Merke: Trek UM3+) (3 timar): 400/350
Sport
Sykkelutleige i Skjolden
Sykkelutleige Skjolden er eit godt utgangspunkt for å utforske fleire attraksjonar på sykkel. «Den romantiske vegen» ut mot Ornes for å vitje Urnes stavyrkje, eller inn i Fortunsdalen for å vitje Fuglesteg fjellgard, er to eksempel på flotte turar. Adventure Tours tilbyr også fleire guida sykkel- og fjellturar i området rundt Skjolden og Breheimen nasjonalpark. Ei av dei mest populære rutene går inn mot Mørkridsdalen, som har eit eventyrleg natur- og kulturlandskap. Bli med på ein av turane våre; opplev landskapet og høyr guiden fortelje om utviklinga frå naturhushald til nasjonalpark i denne dalen. Drivandefossen, Bølifossen, Osen og Dulsete er kjende stader ein kan vitje
Kontakt
- Adresse:
- Sørsidevegen 35
- 6876 Skjolden
- Telefon:
- +47 969 13 130
- E-post:
- post@adventuretours.no
- Nettside:
- www.adventuretours.no