Hopp til hovedinnhold
Bestill

Etter ein times RIB-tur på Lustrafjorden med natur og frisk luft, er det mogleg å oppleve forfriskande fossebrus på nært hald.

Me gjennomfører over fyrste halvdel av RIB-turen og går i land i Feigum på sørsida av Lustrafjorden. Frå Feigum startar ein enkel fjelltur opp til eit utkikspunkt nær Feigefossen der ein kan nyte synet av det 218 meter høge fallet. Dei som er ekstra eventyrlystne kan ein gå heilt opp til foten av fossen der ein garantert vil få ei kraftig og forfriskande oppleving!

Stien til fossen er godt opptrakka og går ved sida av Feigeelva. Om våren og etter regntunge dagar kan stien vera sleip, så godt skotøy er å føretrekkje.

Etter fosseopplevinga går me tilbake til RIB-en og glir heile vegen tilbake til Skjolden.

Varigheit: Ca. 3-3,5 timar

Sesong: April - Oktober

Summer schedule: 15. Juni – 25. August - Kvar dag utanom søndag kl. 12.00. Oppmøte ved Skjolden Brygge 15 minuttar før avgang.

NB! Send oss gjerne ein epost eller ring for bestilling av andre tidspunkt enn dei faste avgangane.

Informasjon om turen

Vanskegrad: Lett/middels

Inkludert i turen: Varm flytedress, redningsvest, briller, lue og vottar.

Anbefalt utstyr: Kle deg etter værforholda. Varme klær, gode vandresko og ein regnjakke. 

  • Facebook logo
  • Instagram logo
  • Trip Advisor logo

Priser

Fra:
NOK 800

Kontakt

Adresse:
  • Sørsidevegen 35
  • 6876 Skjolden
Telefon:
+47 969 13 130
E-post:
post@adventuretours.no
Nettside:
www.adventuretours.no

Hvor er Fjord RIB Adventure + fossevandring?