Hopp til hovedinnhold

Leikanger er den 4. største fruktkommunen i landet. Om lag 80.000 tre med eple, pærer og plommer er i produksjon og blomstrar kvar vår. Biene i Leikanger produserer fantastisk honning og på den lokale butikken kan du få kjøpt lokalprodusert honning.

Dei seinare åra har det vore ei auka satsing på dyrking av bringebær og langs med vegen kan du, om du er riktig heldig, kjøpe flotte bringebær om hausten.

På Leikanger kan du kvart år i April bli med på Kjeringi Open der du står på ski, syklar og spring. Dette kan du gjere åleine, eller ta med nokre lagkameratar og fullfør etappane som eit lag. I Oktober arrangeres det fruktbare dagar med torg aktivitet heile helga.

Det næraste regionsenteret er Sogndal som ligg 20 minutt køyretid unna.

Jordbruk i 4500 år

Frå gamalt av har området vore kalla "Systrond". Namnet, som framleis er i bruk, har vorte tolka som "Strondi der det syder av varme". Systrond har vore jorbruksland i meir enn 4500 år. Fleire storgardar vaks fram og vart sete for kongar og høvdingar. Bautasteinar, gravrøyser og mange fornminne frå utgravingar vitnar om busetnad i mnage tusen år.

Et merkeikon

La deg inspirere

Her finn du tips og inspirasjon for ditt opphald i Leikanger

Kommende arrangementer