Hopp til hovedinnhold

Ei unik naturoppleving med Sognefjorden i sentrum. Sjå Noregs lengste fjord strekkje seg frå aust til vest omkransa av fjell og levande bygder. På toppen ventar deg ei av dei flottaste utsiktene i heile landet!

Rute: Lunde - Vidasethovden - Lunde
Total turtid: 4-6 timer
Total lengd: 9 km
Gradient: Frå 400 m til 1227 m oh.

Transport:
Med bil via Vik og Vangsnes til Feios og opp til høgdegarden Lunde, og litt vidare på
privat skogsveg. Parkering og snuplass på tømmerplass i enden av skogsvegen.
Med bus via Vik og Vangsnes til Feios (rute 14-181) tre dagar i veka i tillegg til dagleg skuleute (går ikkje i feriane)
Meir informasjon: www.ruteinfo.net

Overnatting: Stort utval i Fresvik, Vangsnes Vik eller Arnafjord, see www.sognefjord.no/vik

Turen startar i granskogen, fyrste delen er heller bratt. Seinare tek lauvskogen og lyng øver før ein kjem til opne fjellvidder, med kvitrande fuglar og sildrande
bekkar. På kring 800 moh. passerer ein stølen Vidasetet. Siste delen av stien har litt brattare stigning igjen, toppen Vidasethovden ligg på 1227 moh.

Frå Vidasethovden kan ein nyte utsikt over Jotunheimen med Hurrungane i aust. Den lange
Sognefjorden strekkjer fjordarmane inn mot Årdalstangen og Lærdal, og ut mot kysten i vest,
der ein kan skimte fyrtårnet Sogneoksen ytst i Sognefjorden, Gulen kommune. Ein kan sjå
nære område som Leikanger, Balestrand og
Vangsnes.

Denne turen vert arrangert årleg som
motbakkeløp, med folkefest på startområdet ved Lunde, der det er premiering, og sal av lokale
matvarer. Dei som er trena spring turen i 34 minutt! Sjekk www.feios.no for meir informasjon.

Frå Vidasethovden er det og mogeleg å gå ned att via Ramnaberg, der ein kan ta det enorme
fjordspennet nærare i augesyn, og deretter gå ned att på gardane på øvste Borlaug.
Dei som ikkje er lokalkjende bør gå denne turen med ein lokal guide.

Ver forberedt på all slags ver og gå aldri åleine!

Guida turar:
Ta kontakt med Feios Idrettslag v/Haakon Vangsnes, tlf. 97 03 08 95 eller med Gunnar Grindedal, tlf. 97 18 02 07

Kartblad:
Turkart 1:50.000 Vik
Topografisk kart: 1:50.000 1317 II Hermansverk

Nærmaste turistinformasjon:
Vik Turistinformasjonn, tlf. 57 69 56 86, vik@sognefjord.no

Kontakt

Adresse:
  • Lundsvegen 607
  • 6895 Feios
Telefon:
57 69 56 86
E-post:
vik@sognefjord.no
Nettside:

Hvor er Tur til Vidasethovden?