Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart

Voss

Voss er verdskjend som ekstremsportbygda - Her vert du møtt av ein mektig natur som er enkel å bruka som leikeplass, heile året.

Voss gondol på vei opp fjellsiden, utsikt ned mot bebyggelse og et vann.
© Jon Hunnålvatn Tøn

Voss er aktivitetsbygda framfor nokon og vert gjerne hugsa som skibygda og ekstremsportsbygda, for vår vakre natur og unike kultur og vår sterke matkultur.

Ekstremsportmiljøet lar deg ta del i dei sterke opplevingane på ein trygg og god måte. Alle kan få prøva seg på tandem fallskjermhopp, vindtunnelen, rafting, klatrepark, stisykling og padling. Bygda er kanskje fylt av lokale våghalsar, men byr så absolutt på aktivitetar tilrettelagt for alle små og store eventyrarar.

Ei reise til Voss byr også på unike kulinariske opplevingar. Tørr du prøve deg på smalahove?

Voss har ei rik kulturhistorie som er godt ivareteken. Besøk Vangskyrkja frå år 1277 eller Finnesloftet, ein gildesal frå middelalderen!

Bordalsgjelet er eit stort juv, forma gjennom tusenvis av år og ligg i gåavstand frå sentrum. Voss har også mange store og flotte fossar å besøke - som Tvindefossen eller Skjervsfossen.

Vandring og fjellturar er veldig populært i regionen. Voss Gondol tek deg frå Voss stasjon og opp til Hangurstoppen på 820 moh. Her er fjellet tilgjengeleg for alle også dei med nedsett funksjonsevne.

Om vinteren vert Voss forvandla til eit vintereldorado med to ulike skianlegg og kilometervis med langrennsløyper. Voss er ein av dei mest snøsikre skidestinasjonane i Noreg. Voss Resort og Myrkdalen har til saman nesten 70 kilometer med alpinløyper.

Vel deg eit vossaeventyr og du vil neppe angre. I denne Vestlandskommunen ligg alt til rette for ein aktiv Noregsferie - både til lands og til vanns, og i lufta med.

Velkomen til Voss!

An icon of trees

Utforsk Voss og Vestland

Oppdag naturen og aktivitetar på Voss – heile året.

En på snowboard som kjører ned en veldig bratt bakke, og utsikt over fjellene bak.

Velkommen til vinterparadiset Voss

Her får du ski- og vinteropplevelser som passer for absolutt alle.

En person som står foran Tvindefossen.

Voss – kultur og natur

Dei siste fem hundre åra har Voss endra seg mykje. Det store vendepunktet kom med Vossabanen i 1883.

To personer som står oppe på et fjell og ser ned på et fossefall og en fjord.

En eventyrlig vri på historiske Discovery Route, mellom Stavanger og Bergen

Den historiske turistruten Discovery Route følger i fotsporene til de aller første reisende som kom for å beundre store fossefall, steile fjell og dype fjorder.

Les flere artikler om Voss

Aktiviteter på Voss

Voss er kjent for ekstremsport og natur. Om vinteren kan ein nytte seg av to store skianlegg med mange løyper på alle nivå.

Voss Resort

Voss Resort

Voss Resort er eit av Vestlandets største skisenter. Her finn du heile 40 km med preparerte løyper for alle nivå i tillegg til fleire spennande off-piste område. Med Voss Gondol kjem du deg direkte frå togstasjonen og opp til skianlegget på under 9 minutt!

Myrkdalen Fjellandsby

Myrkdalen Fjellandsby

Eitt av dei største skisentra på Vestlandet – med familievenlege bakkar, løyper i alle vanskegradar, parkar, skicross-løyper, herleg off-piste terreng og langrennsløyper.

Voss Vind

Voss Vind

Fly som supermann i vindtunnelen til VossVind

Se alle aktiviteter i Voss

Overnatting og matopplevelser

Her har du råda for når du skal planlegge turen til Voss.

Hotell Scandic Voss

Hotell Scandic Voss

Scandic Voss ligg sentralt plassert ved tostasjonen på Voss og i nærleiken av sentrum med restaurantar og butikkar. Voss Gondol ligg rett ved sida av og du har også kort avstand til fjellet, Vangsvatnet og fleire flotte attraksjonar. Med overnatting på Scandic får du også tilgang til badstova til hotellet!

Alle overnattingssteder i Voss

Prøv vår reiseplanlegger!

Finn opplevelser og overnatting og sett sammen reiseruten din. Bruk kartet til å navigere, finn opplevelser som passer dine interesser, og se ruten i kartet. Last ned appen vår og ta med deg reiseplanen din i lommen, og finn opplevelser underveis på reisen.

Foretrekker du papirformat? Skriv ut reiseplanen din, så har du den lett tilgjengelig!

#visitvoss

Følg oss

  • Facebook

    Facebook

  • Instagram

    Instagram

  • YouTube

    YouTube

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement