Det er ikkje alltid enkelt å finne den rette julegåva, særleg til den som har alt. Stadig fleire ønskjer å gje bort noko som betyr litt ekstra, enten det er ei oppleving, noko ein kan ha glede av over tid, eller kvalitetstid saman med noko ein er glad i.
Vi har difor samla nokre julegåvetips frå FjordKysten og Sunnfjord, med fokus på lokale opplevingar, gode smakar og gåver som skaper minner. Her finn du inspirasjon til julegåver som gir noko å glede seg til, også lenge etter at jula er over.