Bestill

Her kan du leve fritt og utforske øyriket Værlandet og Bulandet på din måte - i ditt tempo. Værlandet Havhotell byr på overnatting i moderne arkitektur i eit ope landskap med himmel og hav tett på, og med majestetiske Alden som næraste nabo i horisonten.

Værlandet Havhotell består av 8 dobbeltrom der seks rom kan oppgraderast til familierom, og to er handikapvennlege. Begge dei to hotellbygga har spektakulær utsikt over himmel og hav, og alle romma har eit eige tema som pregar fargeval og interiør. Stikkord for turen er hav, natur, dyreliv, geologi, fauna, fiskeri og historie.

Konseptet til Værlandet Havhotell er "Rom og frukost" frå mai-sept. Andre deler av året er tilbodet hovudsakleg basert på sjølvhushald til lågare døgnprisar. Det er ikkje restaurant eller felles opphaldsrom tilknytta hotellet.

Resepsjonen for hotellet er lokalisert hos Joker Værlandet på ferjekaia på Værlandet.

OM ROMMA

Romma er innreia med dobbeltsengar og møblar som sikrar deg som gjest eit praktisk og behageleg opphald på Værlandet. Det er plassert ei lita sittegruppe med to stk. lette lenestolar og eit lite salongbord. I tillegg til dette er romma innreia med eit lite kjøkkenbord og stolar. I alle dobbeltrom som kan oppgraderast til familierom, er det krakker inne på det ekstra soverommet som kan brukast som sittemøbel.

Alle 8 rom har eigne bad med dusj, og er utstyr med eit enkelt minikjøkken med kjøleskap/frys, to kokeplater, mikroovn og vannkoker. Her finn de enkelt utstyr til matlaging, og servise/bestikk o.l til 4 pers i kvart rom.

Dobbeltrom (familierom) Seks av romma har eit lite soverom på gangen i same bueining med plassbygd familiekøye i størrelsen 120/75 x 200 cm. Det er eiga dør inn til det rommet.

Dobbeltrom (handikaprom). To av romma er handicap/rullestoltilpassa, og har ikkje eit ekstra soverom.

  • Facebook logo
  • Trip Advisor logo

Priser

Fra:
NOK 1 900

Kontakt

Adresse:
  • Værøyhamnen
  • 6986 VÆRLANDET
Telefon:
91 73 03 66
E-post:
post@vaerlandethavhotell.com
Nettside:
www.xn--vrlandethavhotell-rrb.no/

Fasiliteter

WIFI/Internett:
Utendørs fasiliteter:
Gjestehavn:
Frokost:
Parkering:
Tilrettelagt for bevegelseshemmede:

Hvor er Værlandet Havhotell?