Sognefjord Active tilbyr utleige av kajakk og padleutstyr i Solund. Med eit stort øyrike med øyar, holmar og skjer er det mange moglegheiter for padleturar i området.
Leige av kajakk
Ved leige av kajakk er følgjande utstyr inkludert:
- Åre
- Redningsvest
- Spruttrekk
- Våtdrakt
- Padlesko
- Padlejakke
- Tørrsekk
- Kart
- Pumpe
- Årepose
For å leige einmannskajakk må du ha Våttkort. Det er ikkje krav om Våttkort eller tidlegare padleerfaring for å leige tomannskajakk.
Introkurs og Våttkort
Dersom du ikkje har Våttkort, tilbyr Sognefjord Active eit fire timar langt introkurs på førespurnad.
Kurset gir ei grunnleggande innføring i bruk av havkajakk og padleutstyr. Gjennom praktiske øvingar lærer du mellom anna:
- bruk av kajakk, åre, spruttrekk og vest
- løfting, bering og sjøsetting av kajakk
- framover- og bakoverpadling
- å stoppe og svinge kajakken
- riktig sittestilling og grunnleggande padleteknikk
- å komme seg trygt ut av kajakken dersom du går rundt
- ilandstiging
- grunnleggande sikkerheit ved padling
- lokale padleforhold
Etter fullført kurs får du Våttkort Introkurs Hav, utgitt av Norges Padleforbund. Våttkortet dokumenterer at du har gjennomført grunnleggande opplæring i havkajakk.
Kajakk og nødvendig padleutstyr er inkludert i kurset.