Padle frå Vågsberget mot Vågsvåg og Holvik. I dette kystområdet finn du små holmar og skjer som gir ly for havet som ligg rett utanfor. På Vågsberget ligg det eit gammalt handels- og gjestgivarstad. Handelsstaden Vågsberget er den eldste handelsstaden i Ytre Nordfjord, og var til slutten av 1800-talet den viktigaste plassen, fordi den lå svært gunstig til ved dei rike fiskefelta rundt Vågsvåg og Torskangerpollen. Handelsstaden har eksistert frå 1600-talet.
Informasjon om turen
Varigheit: 2 timar
Sesong: April - September
Prisen inkluderar: leige av kajakk, padleåre, spruttrekk, redningsvest og padlejakke
Kapasitet: 6-8 personar
Bestill turen ved å sende ein e-post til post@sjobrisadventure.no
Kombiner kajakk og yoga
Turen kan legges til rette for både kortare og lengre turar i området. Turen kan fint kombinerast med turmat og yoga for å nemne noko.