Hopp til hovedinnhold
Bestill

Coasteering kjem frå det engelske ordet coast, som betyr kyst. Aktiviteten inneber å bevege seg både i vatn og på land langs klipper i sjøkanten - ein leiken, utfordrande og adrenalinfylt måte å oppleve naturen på.

Her får du moglegheit til å dykke, hoppe, klatre og utforske kystlinja på ein heilt ny måte, i trygge og kvalitetssikra rammer. Sjøbris Adventure tilbyr erfarne guidar og sikkert utstyr for å gjennomføre aktiviteten på ein forsvarleg måte, utan at det går på bekostning av spenninga.

Praktisk informasjon

Varigheit: 2,5 time (inkludert omkleding og instruksjonar)

Kapasitet: Maks 8 personar

Pris for grupper inntil 4 personar: Frå NOK 6.500,-

For grupper med fleire enn 4 personar: tillegg på NOK 1.190,- per person.

Kven kan delta?

Coasteering passar for alle som er i god fysisk form og har ei eventyrlysten ånd. Aktiviteten føregår i variert terreng, og deltakarar bør vere komfortable med å vere ute i naturen. Det krevst ingen tidlegare erfaring med aktiviteten.

Deltakarar bør vere komfortable med å opphalde seg i vatn og kunne svømme.

Alder: 8 år. Barn kan delta i følge med ein vaksen.

Treng du meir informasjon eller ønsker du å bestille?

Kontakt: +47 952 44 993

E-post: post@sjobrisadventure.no

Nettside: www.sjobrisadventure.no

Sjøbris Adventure

Se alle tilbudene til Sjøbris Adventure

Tider

mars 2026

19. mars

Kontakt

Adresse:
  • 6700 Måløy
Telefon:
952 44 993
E-post:
post@sjobrisadventure.no
Nettside:
www.sjobrisadventure.no/

Fasiliteter

Med guide:
Utstyr til leie:
Barnevennlig:
Sesong:
  • Høst
  • Vår
  • Sommer

Hvor er Coasteering i Måløy - Sjøbris Adventure